Evangelista Torricelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Evangelista Torricelli
Libr0367.jpg
Evangelista Torricelli på framsida av
Lezioni d'Evangelista Torricelli
Fødd15. oktober 1608
Faenza i Provinsen Ravenna,
Pavestatane
Død25. oktober 1647 (39 år)
Firenze i Storhertugdømet Toscana
tyfus
StatsborgarskapPavestatane
OmrådeFysikk,
matematikk
Yrkematematikar, fysikar, oppfinnar
InstitusjonarGalileo Galilei
Ferdinando II de' Medici
Alma materLa Sapienza
DoktorgradsrettleiarBenedetto Castelli
Kjende studentarVincenzo Viviani
Kjend forBarometer
Torricelli-lova
InfluerteGalileo Galilei
MedlemAccademia della Crusca

Evangelista Torricelli (15. oktober 160825. oktober 1647) var ein italiensk fysikar og matematikar.

Han var assistenten til Galileo Galilei dei siste tre månadane av livet til Galilei, og var etterfølgjaren hans som matematikaren til storhertugen i Firenze. Torricelli fann opp kvikksølvbarometeret i 1643 og viste at lufttrykket forklarar naturens horror vacui (frykt for det tomme rommet). Tomrommet til Torricelli er det lufttomme rommet som oppstår på oversida av kvikksølvet i den lukka greina av eit kvikksølvbarometer. I 1644 oppdaga han at ei væske med atmosfæretrykk på overflata vil strøyme ut gjennom eit hol i sida på væskekaret med same fart som ein lekam får ved å falle fritt like langt som den loddrette avstanden mellom væskeoverflata og holet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]