Barometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kvikksølvbarometer)
Figur som viser eit enkelt kvikksølvbarometer med ei vertikal kvikksølvsøyle og behaldar i botn
Pneumatikktabell frå Cyclopaedia i 1728.

Eit barometer er eit instrument som vert brukt til å måle lufttrykk.

Væskebarometer[endre | endre wikiteksten]

Vassbaserte barometer[endre | endre wikiteksten]

Konseptet om at «minkande trykk gjev dårleg vêr» er grunnlaget for ein primitiv vêrvarslingsreiskap kalla eit vêrglas. Det består av ein glasbehaldar med ei brei søyle. Behaldaren og søyla er om lag halvfullt med vatn, medan ein har noko luft i behaldaren. Når trykket aukar, vil lufta utvide seg og presse vatnet oppover i røyret. Desse instrumenta er hovudsakleg ei vassbasert utgåve av kvikksølvbarometeret.

Kvikksølvbarometer[endre | endre wikiteksten]

Eit standard kvikksølvbarometer har ei glassøyle, som er om lag 76 cm høg, lukka i ein ende og med ein open behaldar med kvikksølv i botn. Kvikksølvet i søyla stig når lufttrykket aukar, fordi lufta vil presse kvikksølvet oppover i søyla.

Kvikksølvsøyle

Det første barometeret av denne typen vart laga i 1643 av Evangelista Torricelli. Torricelli ville lage eit instrument som kunne måle vekta av lufta, eller lufttrykket, og studere vakuum. Han brukte kvikksølv, kanskje etter forslag frå Galileo Galilei, fordi det er tettare enn vatn. For å lage eit vakuum med vatn må ein ha ei søyle som er over 100 meter høg, og med kvikksølv mindre enn 1 meter. Torricelli dokumenterte at høgda på kvikksølvet i barometeret endra seg litt kvar dag, og konkluderte med at det var lufttrykket som førte til endringa.

Kvikksølvbarometeret vart i starten målt i tommar eller millimeter (torr) av kor høgt kvikksølvet stod i søyla. 1 atmosfære er lik 760 millimeter kvikksølv. Denne eininga vert framleis mykje brukt i USA, men er ikkje ein del av SI-systemet, som stort sett resten av verda brukar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Eit barometer vert som oftast brukt for å varsle vêret, sidan høgt lufttrykk i eit område som regel indikerer fint vêr, medan lågt trykk indikerer at eit lågtrykk er meir sannsynleg. Barometermålingar frå mange stasjonar gjer at ein kan lage kart over lufttrykket. Isobarar er linjer mellom stader med same trykk, og gjev eit konturkart over område med høg- og lågtrykk. Ofte kan fallande trykk indikere at dårleg vêr eller nedbør er på veg, medan stigande trykk tyder på at det kan bli finare vêr eller ikkje nedbør.

Utjamning[endre | endre wikiteksten]

Temperatur[endre | endre wikiteksten]

Tettleiken til kvikksølv endrar seg med temperaturen, så ei avlesing frå eit barometer må justerast etter temperaturen. Derfor er det som regel eit termometer festa til barometeret. Eit aneroid barometer treng derimot inga justering.

Høgd[endre | endre wikiteksten]

Lufttrykket minkar med høgda, slik at ei barometeravlesing er avhengig av kor det vert avlese. Dette trykket vert så omforma til å gjelde for havnivå, slik at alle vêrstasjonar i praksis viser trykket i same nivå, og kan samanliknast. Aneroide barometer har ei mekanisk tilpassing for høgd som gjer at ein kan lese av havnivåtrykket direkte utan å omforme avlesinga.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Barometer