Evangelista Torricelli
Evangelista Torricelli | |||
Evangelista Torricelli på framsida av Lezioni d'Evangelista Torricelli | |||
Fødd | 15. oktober 1608 Faenza i Provinsen Ravenna, Pavestatane | ||
---|---|---|---|
Død | 25. oktober 1647 (39 år) Firenze i Storhertugdømet Toscana tyfus | ||
Statsborgarskap | Pavestatane | ||
Nasjonalitet | Storhertugdømet Toscana | ||
Område | Fysikk, matematikk | ||
Yrke | matematikar, fysikar, oppfinnar | ||
Institusjonar | Galileo Galilei Ferdinando II de' Medici Universitetet i Pisa Universitetet i Firenze Benedetto Castelli Giovanni Ciampoli | ||
Alma mater | La Sapienza Roman College | ||
Doktorgradsrettleiar | Benedetto Castelli | ||
Kjende studentar | Vincenzo Viviani | ||
Kjend for | Barometer Torricelli-lova | ||
Influerte | Galileo Galilei | ||
Medlem | Accademia della Crusca | ||
Religion | Katolsk |
Evangelista Torricelli (15. oktober 1608–25. oktober 1647) var ein italiensk fysikar og matematikar.
Han var assistenten til Galileo Galilei dei siste tre månadane av livet til Galilei, og var etterfølgjaren hans som matematikaren til storhertugen i Firenze. Torricelli fann opp kvikksølvbarometeret i 1643 og viste at lufttrykket forklarar naturens horror vacui (frykt for det tomme rommet). Tomrommet til Torricelli er det lufttomme rommet som oppstår på oversida av kvikksølvet i den lukka greina av eit kvikksølvbarometer. I 1644 oppdaga han at ei væske med atmosfæretrykk på overflata vil strøyme ut gjennom eit hol i sida på væskekaret med same fart som ein lekam får ved å falle fritt like langt som den loddrette avstanden mellom væskeoverflata og holet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Evangelista Torricelli. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 5. november 2013.