Evanger stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Evanger stasjon
Stasjonsområde
Stad Evanger
Koordinatar 60°38′49″N 6°6′33″EKoordinatar: 60°38′49″N 6°6′33″E
Distanse 403, 66 km. frå Oslo
Høgd 15,5 moh.
Opna 1883
Arkitekt Balthazar Lange
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Overgang
Plassering
Evanger stasjon is located in Hordaland

Evanger stasjon ligg i Evanger i Voss kommune i Hordaland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1883 som del av Vossabanen. Det er lokaltoga på strekkja Bergen-Voss-Myrdal som stoppar på stasjonen. Frå 1894 til 1917 vart stasjonsnamnet skrive Ævanger.[1]

Evanger ligg mellom Seimsgrend haldeplass og Jørnevik haldeplass, 403, 66 km frå Oslo.

Stasjonsbygningen vart teikna av Balthazar Lange, og vart oppført etter ein typeteikning kalla fjerde klasse som også vart nytta til Nesttun stasjon (sidan flytt til Ygre stasjon), Haukeland stasjon, Arna gamle stasjon, Trengereid stasjon, Stanghelle stasjon, Dale stasjon (sidan flytt til Reimegrend stasjon), Bolstadøyri stasjon og Bulken stasjonVossabanen.[2] Då Bergensbanen opna vart mange av desse stasjonsbygningane forlenga.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Evanger» i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb».  Parameteren |kokmmentar= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
  2. Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon : En guide til jernbanens arkitekturhistorie. Oslo: Gyldendal. s. 141. ISBN 8205252947. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]