Evesham
Utsjånad
| Evesham | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Worcestershire | ||
| Distrikt | Wychavon | ||
| Areal | 1 601,32 km² | ||
| Folketal | 27 684 (21. mars 2021)[1][2] | ||
| Postnummer | WR11 | ||
| Retningsnummer | 0 1386 | ||
![]() Evesham 52°05′N 1°57′W / 52.09°N 1.95°W | |||
| Wikimedia Commons: Evesham | |||
Evesham er ein by i grevskapet Worcestershire i England. Han har kring 28 000 innbyggjarar og ligg om lag midt mellom Worcester, Cheltenham og Stratford-upon-Avon. Evesham ligg i Vale of Evesham, eit område som består av flaumsletta til elva Avon, som ein gong var eit stort senter for hagebruk. Byen er ofte råka av flaum. Flaumen i 2007 var den verste i historisk tid.

Foto: David Stowell
Byen vart grunnlagd tidleg på 700-talet kring eit kloster, som ein gong var det største i Europa. Klosteret vart øydelagd under oppløysinga av klostera og berre klokketårnet står att. På 1200-talet vart ein av to slag under den andre baronkrigen i England utkjempa nær byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.citypopulation.de/en/uk/westmidlands/admin/wychavon/E04010391__evesham/.
- ↑ «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Evesham» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2011.
