Explorer 6

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Explorer 6
Det fyrste biletet Explorer 6 tok av jorda frå jordbane. Det syner eit område midt i Stillehavet
Tyding av det fyrste biletet Explorer 6 tok
Oppskytinga av Explorer 6

Explorer 6 var ein amerikansk satellitt. Han vart skoten opp 7. august 1959 frå Cape Canaveral med ein Thor-Able-rakett og returnerte dei fyrste bileta av jorda frå jordbane.[1]

Explorer 6 var utforma for å studera ulike former for fanga stråling, galaktisk kosmisk stråling, geomagnetisme, spreiing av radiosignal i den øvre jordatmosfæren og gjennomstrøyminga av mikrometeorittar.

Sjølve satellitten hadde kuleform og var spinnstabilisert ved 2,8 dreiingar i minuttet. Fire årer med solseller var monterte nær livet på satellitten og lada opp batteri om bord.

Utanom TV-biletavlesaren hadde alle instrumenta om bord ein digital og ein analog utgang. Ein UHF-sendar vart nytta for digital telemetri og TV-signalet. To VHF-sendarar sende ut det analoge signalet. VHF-sendarane var verksame heile tida, medan UHF-sendarane berre var verksame nokre få timar om dagen.

Berre tre av dei fire solselleårene reiste seg heilt opp, og dei vart reiste opp under oppspinninga av satellitten heller enn før. Grunna dette var straumtilgangen 63% av det planlagde, og dette nivået fall over tid. Den minska straumtilgangen førte til eit lægre signal mot støy-høvetal, noko som påverka det meste av dataa frå satellitten.

Den siste kontakten med satellitten hende 6. oktober 1959 - då hadde straumen motteken frå solsellene falle under nivået som tarvst for at satellitten skulle verka. Før dette slutta den eine VHF-sendaren å verka den 11. september 1959.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]