Eyjafjallajökull

Koordinatar: 63°38′N 19°36′W / 63.633°N 19.600°W / 63.633; -19.600
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eyjafjallajökull

Eyjafjallajökull (òg kalla Øyafjelljøkulen[1]) er den sjette største isbreenIsland. Han ligg nord for Skógar og vest for den større isbreen Mýrdalsjökull.

Breen ligg over ein vulkan med ei høgd på 1 666 moh., som har hatt utbrot relativt ofte sidan istida. Det siste utbrotet byrja i mars 2010. Det førre utbrotet, som var frå 1821 til 1823, skapte eit katastrofalt jökulhlaup. Krateret til vulkanen har ein diameter på 3—4 km og breen dekkjer eit areal på om lag 100 km².

Den sørlege enden av fjellet var ein gong ein del av atlanterhavskysten. Sidan sjøen har trekt seg tilbake om lag fem km grunna landheving har den tidlegare kystlinja etterlate bratte klipper med mange vakre fossefall. Den mest kjende av desse er Skógafoss. I kraftig vind kan vatn i dei mindre fossane blåse oppover fjellet.

Vulkanutbrotet i mars 2010[endre | endre wikiteksten]

Fimmvörðuháls-utbrotet i mars 2010
Utbrotet av Eyjafjallajökull i april 2010

Mellom 3. og 5. mars 2010 vart det registrert nær 3000 jordskjelv med episenter i vulkanen. Dei fleste var små, men nokre kunne kjennast i busette område nær jøkulen.[2] Vulkanutbrotet vart fyrst meldt 20. mars.[3][4] Tettstadane Fljótshlíð og Markarfljót vart evakuerte og Icelandair-fly som skulle til Reykjavik vart omdirigerte grunna oske og vanskelege innflygingsforhald.[5][6] På formiddagen 21. mars vart det meldt at evakueringa i det truga området var gått svært snøgt og at alle var komne i sikkerheit. Det var no klårt at utbrotet var i eit område med lite is, og det gjorde at faren for flaum og jökulhlaup ikkje var så stor som ein fyrst frykta, men det vart starta nøye overvaking av situasjonen.[7]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eyjafjallajökull

63°38′N 19°36′W / 63.633°N 19.600°W / 63.633; -19.600