Färjestaden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 56°38′59″N 16°28′32″E Färjestaden er ein tettstad i Mörbylånga kommun i Kalmar länÖland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 4 636 innbyggjarar.

Färjestaden er den største tettstaden på Öland og voks opp ved at ein av ferjelinja mellom øya og fastlandet anløp der. Frå ferjeleiet blei det i 1910 bygd ei jernbanelinje, og noko industri og varelager blei etablert. Då det blei bestemt å bygge Ölandsbrua auka folketalet i Färjestaden kraftig, brua ligg rett nord for staden og gjer at reisa over til fastlandet berre tar nokre minutt. Etter brua opna har staden fått stadig fleire dagpendlarar som bur der og arbeider i Kalmar.

Färjestaden er ellers kjend for Ölands Köpstad, ein større marknad, og Ölands Djurpark som begge ligg mellom tettstaden og brua.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]