Fåfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°53′25.660″N 5°3′45.493″E Fåfjorden er ein delfjord av Nordfjord langs kommunegrensa mellom Vågsøy og Bremanger i Sogn og Fjordane. Fjorden ligg på sørsida av Husvågøy og nord for Bremangerlandet og strekkjer seg om lag 10 km frå vest til aust.

Det vestlege innløpet ligg mellom Eikholmane i nord og Nyken i sør. Det meste av fjorden har bratte fjellsider utan busetnader. Aust i fjorden ligg derimot Oldeide på sørsida, og frå her går det ferje nordover til Husvågøy og Måløy. Lengst aust går fjorden på sørsida av Gangsøya og endar ved Rugsundøya. Her går Skatestraumen søraustover til Frøysjøen.

Frå Oldeide og austover går Riksveg 616 langs sørsida av fjorden.