Måløy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Måløy
Tettstad
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Vågsøy
Areal 2,23 km²
Folketal  3 243 (2015)
Folketettleik 1 454 / km²
Postnummer 6700 MÅLØY
Wikimedia Commons: Måløy

Måløy er ein tettstad, stoppestad for Hurtigruta, og administrasjonssenter i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen vedtok 1997 å kalle tettstaden by.

Måløy av i dag er sjølv ikkje ei øy. Tettstaden vart grunnlagt på den vesle Måløyna (før skrive Moldøen, i dag kjend som Lisje-Måløyna) i Ulvesundet mellom Vågsøy og fastlandet. Etter kvart som ny busetnad kom til, vart denne etablert på Vågsøy. Når tettstaden flytta seg, følgde òg namnet med. Den gamle busetnaden på Moldøen vart for det meste riven av den tyske okkupasjonsmakta for å gje plass til eit stort forsvarsverk, og dei siste restane brann ned under Måløy-raidet.

I dag er òg dei tettbygde områda på fastlandet aust for Ulvesundet samanvaksne med tettstaden.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling i Måløy
År Innbyggjarar
1910
  
529
1920
  
1 207
1930
  
1 507
1946
  
1 805
1950
  
1 938
1960
  
2 462
1970
  
2 419
1980
  
2 205
1990
  
2 077
2000
  
3 011
2009
  
3 026
2012
  
3 144
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

F.o.m. 2000 er Degnepoll, Kulen, Tennebø og Nygård på fastlandet innrekna i tettstaden Måløy. Desse bygdene har omtrent ein tredjedel av innbyggjarane i tettstaden.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.