Fårikål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Får i kål

Fårikål eller får i kål er ein matrett av sauekjøt eller lammekjøt, hovudkål og heil svart pepar som er kokt saman i ei gryte. Andre ingrediensar er kveitemjøl som gjer krafta fyldigare, og salt etter smak. Fårikål blir servert med kokte poteter. I Noreg et folk tradisjonelt fårikål om hausten, når kålen er hausta og lamma er komne frå beite.

Fårikål er i Noreg omtalt i kokebøker attende til 1800-talet.[1] Den kanskje eldste trykte oppskrifta på ein rett av denne typen er frå Fuldstændig Norsk Kogebog av Karen Dorothea Bang frå 1835, der oppskrifta «Nedlagt Gaas i Hvidkaal» er som til fårikål. Oppskrifta antyder at ein kan bruka fårekjø i staden for gås.

I radioprogrammet Nitimen kåra lyttarane i 1972 fårikål til norsk nasjonalrett.[2][3] Sidan 1993 har Opplysningskontoret for egg og kjøt drive foreininga «Fårikålens venner» som skal fremje fårikål som Noregs nasjonalrett.[4] Opplysningskontoret for kjøtt etablerte i 1997 også fårikålens dag som vert markert siste torsdagen i september kvart år.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fårikålens venner / Historie, arkivert frå originalen 2013-09-27, henta 25. september 2013 
  2. Margot Loe. «Fårikål - Norges nasjonalrett». matprat.no. Henta 25. september 2013. 
  3. «Nasjonalretten feirer 40 år». Namdalsavisa. 26. september 2012. Henta 25. september 2013. 
  4. Fårikålens venner, arkivert frå originalen 2013-09-27, henta 25. september 2013 
  5. «Fårikålens Festdag». Farikal.no. 4. oktober 2010. Arkivert frå originalen 2010-10-04. Henta 4. oktober 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]