Følg Kaldet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Følg Kaldet» er eit dikt av Henrik Wergeland, skrive og utgjeve i samlinga Jødinden i 1844. Diktet er eit av dei mest kjende Wergeland har skrive.[treng kjelde]

Tema[endre | endre wikiteksten]

Wergeland byrjar med ei kjensle av motløyse. Han samanliknar stoda til den norske diktaren med ein skadeskoten Kongeørn. Diktaren har eit «sprog/som ei rekker fra sin krog/lenger enn dets læbers aande». Han ville gjerne ha skrive dikt slik at millionar av menneske kunne ha høyrt han.

Han meiner det ville vore betre om han var diktar i ein indianarstamme, av di skaldane der ville vore akta som prestar, og alle dei unge ville ha lært kvada hans etter han var daud. Men så ser han seg ikring, og merkar at naturen veks og trivst, og ser at jamvel dei minste små vassdropane har ei meining. Han ser korleis mosen gir næring til dei store trea, og skjønar at jamvel det minste livet ikkje går tapt, men kjem til nytte:

Intet, større eller mindre,
intet frugtløst og forspilt
er der hensigt i dets indre
slynges ut det, end saa vildt.

Då ropar han «opp», til seg sjølv, for å la røysta si låte, jamvel i øydemarka, og han vil kvede, sjølv om det berre kjem nokre få til han. Diktet ender med ein tanke om at det er gagn i det han gjer, sjølv om det ikkje kjem meir enn nokre få for å lyde på dikta hans. Han har tida på si side. Og han slår seg til ro med «en liden venlig flok».

.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.