Følgesvennen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av Carl Larsson til folkeeventyret «Følgesvennen» for ei svensk utgåve av Asbjørnsen og Moe sine folkeeventyr frå 1927.[1]

«Følgesvennen» er eit norsk undereventyr utforma av Peter Christen Asbjørnsen på grunnlag av fleire oppskrifter. Det blei trykt i Norske Folkeeventyr (1841-1844) og i Norsk Illustrert Folkekalender i 1855. Eventyret har Aarne-Thompson-klassifikasjonen AT507A.[2] Det er kjend frå rundt 20 norske oppskrifter, og finst i fleire utgåver i Europa og Asia.[3]

Eventyret handlar om ein bondegut som dreg ut i verda for å finna ei kongsdotter han har drømt om. På vegen får han følgje av ein mystisk skikkelse. Denne følgjesvenen hjelper han gjennom dei harde prøvingane han må gjennom for å vinna kongsdottera. Følgjesvenen viser seg å vera ein dauding guten har løyst ut av ei isblokk og gjeve ei kristen gravferd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Följeslagaren» (svensk omsetjing)
  2. «Eventyr og Sagn - Norsk Folkeminnesamling», www2.hf.uio.no, henta 30. oktober 2019 
  3. «Følgesvennen». Store norske leksikon (på norsk). 20. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]