Dauding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Requiescat (1888) av Briton Rivière.

Dauding kan visa til eit menneske som er dødt, eller i folketru og kultur til daude menneske som på ulike måtar går att, som gjenferd, deildegastar eller zombiar.[1] Omgrepet kan visa til den daude kroppen eller leivningane til eit menneske, eller den meir abstrakte ideen om ånda eller sjela til den daude.

Ein riddar får hjelp frå takknemleg daude etter å ha bedd for dei. Måleri frå 1691.)

Ulike kulturar har hatt ulike tradisjonar knytte til dei daude. I nokre jødiske, kristne og muslimske tradisjonar blir det sagt at dei døde skal oppstå ved dommedag for å bli dømde.[2] I europeisk mellomalder fanst det ein skikk med å framstilla ein dødsdans (fransk danse macabre), der både levande og døde tok del. Dei døde er ofte framstilte som beingrinder.[3]

I folketradisjonen finst det døme på at ein får hjelp frå dei daude, til dømes i det norske eventyret «Følgesvennen».[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «dauding» i Nynorskordboka.
  2. Leivestad, Ragnar; Vogt, Kari; Groth, Bente (5. juli 2019). «dommedag». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. Tschudi-Madsen, Stephan (20. februar 2018). «dødsdans». Store norske leksikon (på norsk). 
  4. Asbjørnsen, Peter Christen; Moe, Jørgen (1841), «Følgesvennen (Norske Folkeeventyr)», runeberg.org (på norsk), henta 29. oktober 2019 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.