Carl Larsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Larsson
BritaAndI Selfportrait.jpg
Sjølvportrett av Carl Larsson med dottera Brita.
Fødd 28. mai 1853
Gamla stan
Død 22. januar 1919

Sundborn

Carl Larsson (28. mai 185322. januar 1919) var ein svensk kunstmålar og heiminnreiar.

Larsson var fødd i Stockholm og voks opp i ein fattig familie, men då han var 13 oppmuntra læraren hans guten om å søka seg til Konstakademien. For å betala for dette og forsørga seg sjølv måtte han arbeida, mellom anna som retusjør for ein fotograf, samstundes som han studerte.

Atelje-idyll, 1885

I 1877 hadde han spara nok pengar til å kunne dra til Paris, målarhovudstaden, som han vende tilbake til i 1880. Sommaren 1881 vitja han kunstnarkolonien Grèz-sur-Loing nær Fontainebleu der han byrja å måla akvarellar av naturen rundt seg. Deretter såg han etter motiv i nærleiken sin, til dømes kona Karin Larsson-Bergöö og den nyfødde dottera deira i Ateljéidyll.

Larsson vann tevlinga om å dekorera det svenske nasjonalmuseet i 1891, og måla fresker på dei seks veggane, mellom anna Gustaf Wasas intåg i Stockholm Midsommarafton 1523 og Gustav II Adolf landstiger i Tyskland. Seinare dekorerte han mellom anna òg det nye Operahuset og Kungliga dramaten.

Familien flytta til Sundborn i 1888, til eit hus far til Karin hadde gjeve dei, og som paret innreidde på kunstnerisk vis. Larsson tok til å måla familielivet igjen, og kona, Suzanne, Lisbeth, Kersti og resten av dei åtte barna er å sjå i talrike daglegdagse situasjonar. Desse blei samla i firfargeverket Ett hem i Dalarne (1897) som kom ut i store opplag og påverka både innreiing og handtverk i Sverige.

Lisbeth metar, 1898
Blomsterfönstret, 1894

Carl Larsson døydde i Falun.

Kjende måleri[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1895 - De mina. Gammalt krafs av C.L.
  • 1899 - Ett hem
  • 1902 - Larssons
  • 1906 - Spadarvet. Mitt lilla lantbruk.
  • 1910 - Åt solsidan
  • 1913 - Andras barn
  • 1931 - Jag (självbiografi)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Carl Larsson