FA-cupfinalen i fotball 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupfinalen i fotball 2013 fann stad på Wembley stadion i London 11. mai 2013, med 86 254 tilskodarar på tribunane. Finalen stod mellom Manchester City og finaledebuterande Wigan Athletic. Wigan vann 1 – 0.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane med Wigan i svart

Manchester City-spelaren Pablo Zabaleta vart i andre omgang tildelt sitt andre gule kort og utvist. Kampen vart avgjort i plusstida etter eit hjørnespark. Wigan-innbytaren Ben Watson vann ein duell og skalla ballen forbi målvakta.

Wigan-laget bestod av: Joel Robles, Emmerson Boyce (kaptein), Paul Scharner, Antolín Alcaraz, Roger Espinoza, James McCarthy, James McArthur, Jordi Gómez, Callum McManaman, Arouna Koné, Shaun Maloney. Ti minutt før ordinær tid var ute, kom Ben Watson på bana i staden for Gómez.

Manchester City mønstra: Joe Hart, Pablo Zabaleta, Vincent Kompany (kaptein), Matija Nastasić, Gaël Clichy, David Silva, Yaya Touré, Gareth Barry, Samir Nasri, Sergio Agüero, Carlos Tevez. Nasri gjekk ut i det 54. minutt og Tevez eit kvarter seinare, inn kom høvesvis James Milner og Jack Rodwell. Etter skåringa kom Edin Džeko inn og Barry fór ut.

Andre Mariner dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]