Yaya Touré
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Gnégnéri Yaya Touré | ||
| Fødd | 13. mai 1983 | ||
| Fødestad | Bouaké | ||
| Høgd | 191 cm | ||
| Posisjon | Midtbanespelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Manchester City | ||
| Nummer | 24 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1996-2001 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2001-03 2003-05 2005-06 2006-07 2007-10 2010- |
|
70 (3) 33 (3) 19 (3) 27 (5) 74 (4) 0 (0) | |
| Landslag | |||
| 2004- |
| 45 (5) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 15. april 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 15. januar 2010 | |||
Gnégnéri Yaya Touré (fødd 13. mai 1983 i Bouaké) er ein ivoriansk fotballspelar som i 2014 spela for Manchester City i engelsk Premier League, og for landslaget til Elfenbeinskysten.
Touré forlét Elfenbeinskysten som 18-åring i 2001 og drog til Europa, først Beveren i Belgia, så Metalurh Donetsk i Ukraina, Olympiakos i Hellas og Monaco. I 2007 vart han kjøpt av det spanske topplaget Barcelona for 9 millionar euro. Han debuterte for Barcelona 26. august 2007. I 2008/09-sesongen var han ei stund ute av førstelaget til fordel for Sergio Busquets, men han vann plassen sin tilbake på nyåret i 2009. I finalen i Meisterligaen i 2009 spelte han som midtstoppar, men til vanleg spelar han som defensiv midtbanespelar. Han har vunne serien i Elfenbeinskysten i 2001 med ASEC Mimosas, den greske ligaen og cupen med Olympiakos i 2006, den spanske ligaen og cupen i 2009 og den europeiske Meisterligaen i 2009. I 2013/14-sesongen vart han Manchester City sin toppskårar i serien.
Touré har spelt for Elfenbeinskysten sitt landslag sidan 2004. Storebroren hans, Kolo Touré er òg ivoriansk landslagsspelar i fotball.