FA-cupfinalen i fotball 2021

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupfinalen i fotball 2021 fann stad på Wembley stadion i London den 15. mai med 20 000 tilskodarar på tribunane. Kampen mellom Leicester City og London-klubben Chelsea FC enda med at Leicester vann 1 – 0 og tok heim FA-trofeet for aller fyrste gong.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane med Leicester i brunt

Belgiaren Youri Tielemans skåra kampens einaste mål då han i det 63. minutt drog til med eit susande langskot frå 25 meter.

Leicester sitt historiske lag bestod av: Kasper Schmeichel (kaptein), Wesley Fofana, Jonny Evans, Çağlar Söyüncü, Timothy Castagne, Youri Tielemans, Ayoze Pérez, Wilfred Ndidi, Luke Thomas, Kelechi Iheanacho, Jamie Vardy. Marc Albrighton erstatta ein skadd Evans i det 34. minutt, midtvegs i andre omgang kom James Maddison inn i staden for Iheanacho, dei siste ti minutta deltok Wes Morgan og Hamza Choudhury, ut gjekk Thomas og Pérez.

Chelsea mønstra Kepa Arrizabalaga, César Azpilicueta, Thiago Silva, Antonio Rüdiger, Reece James, N'Golo Kanté, Jorginho Frello, Marcos Alonso, Hakim Ziyech, Timo Werner, Mason Mount og innbytarane Ben Chilwell, Christian Pulisic, Kai Havertz, Callum Hudson-Odoi, Olivier Giroud.

Michael Oliver dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]