N'Golo Kanté

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
N'Golo Kanté


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 29. mars 1991 (33 år)
Paris
Idrett fotball
Tok del i

EM i fotball 2016, VM i fotball 2018, Kvalifisering til VM i fotball 2018 (UEFA), gruppe A

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen

Kanté i Chelsea-drakt i 2018

N'Golo Kanté (fødd 29. mars 1991) er ein fransk fotballspelar som i 2018 vart verdsmeister med Frankrike sitt landslag under meisterskapen i Russland. Han er ein defensiv midtbanespelar som sidan 2016 har spelt på den engelske fotballklubben Chelsea FC.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Kanté spelte på tredjedivisjonslaget US Boulogne i 2012/13-sesongen. Dei to neste sesongane utmerkte han seg i SM Caen, på eit lag som i 2014 rykte opp i den franske toppserien. Sommaren 2015 vart han overført til engelske Leicester City. Her bidrog han mykje til at klubben frå Leicester mykje overraskande gjekk heilt topps i den engelske ligaen 2016. To månader seinare gjekk turen vidare til Chelsea FC, også med London-klubben vart Kanté ligameister i sin fyrste sesong på laget. I mai 2018 var han med å vinne FA-cupfinalen 1-0 mot Manchester United.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Kanté fekk sin landslagdebut i mars 2016 og spelte fire av kampane då Frankrike same året tok seg til finalen i Fotball-EM på heimebane. Han kom ikkje på bana i sjølve finalen, ein kamp Portugal vann med 1-0 etter ekstraomgangar. Under verdsmeisterskapen 2018 i Russland deltok Kanté i alle Frankrike sine kampar, også i VM-finalen i Moskva der Frankrike vann Rimet-pokalen med siger 4-2 mot Kroatia. Pr juli 2018 har Kanté spelt 31 landskampar og skåra eitt mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 2018 for Frankrike
  • Engelsk ligameister: 2016 med Leicester City og 2017 med Chelsea FC
  • Engelsk cupmeister: 2018 med Chelsea FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]