Spionasje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Spionasje vil seie å skaffe seg hemmeleg informasjon frå konkurrentar eller fiendar. Dette vert gjort for å få ein militær, politisk eller økonomisk fordel. Vanlegvis er spionasje organisert av eit firma eller ein stat. Ein spion er ein person som er tilsett for å få tak i slike hemmelegheiter. Tradisjonelt har spionasje vore sett på som noko som statar driv med mot sine potensielle eller faktiske fiendar, men i dei seinare åra har spionasje mellom ulike private firma (industrispionasje), vorte meir aktuelt. Mange land spionerer regelmessig på andre land sjølv om dei som regel nektar for dette.

Sikkerhetsloven definerer i §3 spionasje som "innsamling av informasjon ved hjelp av fordekte midler i etterretningsmessig hensikt."

Dersom ein borgar av ein stat spionerer på sin eigen stat til fordel for ei framand makt vert dette som regel sett på som ei form for forræderi. I mange land er straffa for spionasje anten dødsstraff eller livstid i fengsel.

Under den kalde krigen var det ein intens spionasje mellom USA og deira allierte på ei side og Sovjetunionen og deira allierte på den andre. I dei siste åra har mykje statleg spionasje dreia seg om narkohandel og terrorisme. Enkelte etterretningsorganisasjonar nyttar òg spionar til å myrde eller kidnappe personar dei ser på som trugsmål mot tryggleiken til det aktuelle landet, mellom desse kan ein nemne den israelske organisasjonen Mossad. Etterretningsorganisasjonar har òg vore involverte i meir eller mindre fordekte militære og paramilitære operasjonar som til dømes mord, kidnapping, sabotasje, geriljakrigføring, konvensjonell krigføring bak fienden sine linjer og statskupp. Mange operasjonar utførte av CIA under den kalde krigen og no under «krigen mot terror» fell inn under denne siste kategorien.

Nokre hendingar i spionasjen si historie[endre | endre wikiteksten]

Nokre organisasjonar for spionasje[endre | endre wikiteksten]

Former for spionasje[endre | endre wikiteksten]

  • SIGINT — Etterretning frå oppsnapping av kommunikasjon.
  • HUMINT — Etterretning samla av ein person på bakken.
  • ELINT — Etterretning frå elekroniske sensorar.
  • OSINT — Informasjon henta frå opne kjelder.
  • IMINT — Etterretning frå satellittar og luftfotografi.
  • MASINT — Samleomgrep for informasjon henta frå ymse kanalar som ikkje kjem underSIGINT, IMINT, eller HUMINT.

Spionasjeteknikkar og -teknologiar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]