FC Köln

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
FC Köln

Fullt namn1. Fußball-Club Köln 01/07
KallenamnDie Geißböcke (Geitekillingane)
Grunnlagd13. februar 1948
HeimebaneRheinEnergieStadion
(kapasitet: 50,000)
PresidentWerner Spinner
HovudtrenarAchim Beierlorzer
LigaBundesliga
2021/227. plass
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Noverande sesong

1. FC Köln er ein fotballklubb frå Köln i Tyskland, skipa i 1948.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Köln hadde sin første store periode i første halvdelen av 1960-åra. I 1960 kom klubben på andreplass i sluttspelet. To år seinare, i 1962, vann Köln sluttspelet og vart seriemeister i Vest-Tyskland. I sluttspelet for 1963 kom klubben på andreplass. I 1964 gjekk Köln til topps i den aller første Bundesligaen, medan det vart sølvplass i 1965. Köln vann den vest-tyske cupen i 1968. Laget spelte seg fram til cupfinalar i 1970, 1971 og 1973, men tapte alle gongane. Den sentrale spelaren på Köln i denne tida var midtbanespelaren Wolfgang Overath, i dag styreleiar i klubben.

Høgdepunktet for Köln kom i 1978, då klubben vann både serien og cupen i Vest-Tyskland. I 1986 spelte Köln seg fram til finalespel i UEFA-cupen. Men etter 1-5 i bortekampen mot Real Madrid, hjelpte det lite med 2-0 på heimebane. Berre kring 15 000 hadde møtt opp på RheinEnergieStadion.

Etter 1992 har ikkje Köln klart å hevde seg i tysk fotball.

Sommaren 2011 tok Ståle Solbakken over som trenar for FC Köln. Våren 2012 vart han fjerna frå stillinga då klubben låg tredje sist, ved sesongslutt var Köln nest sist og rykte ned i 2. bundesliga. Laget to steget oppatt i bundesliga i 2014.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • UEFA-cup-finalist: 1986
  • Tysk seriemeister: 1962, 1964, 1978
  • DFB-cup-vinnar: 1968, 1977, 1978, 1983

Kjelder[endre | endre wikiteksten]