Fabelprosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fabelprosa er eit omgrep lansert av duoen Bing & Bringsværd. I norsk daglegtale kan ein rekne fabelprosa for å meine både Fantasy, Science Fiction og fantastisk litteratur.

Dei ser på Science Fiction som ein måte å gripe an eitt tema på, heller enn som ein litteratur om bestemte tema som Western. Sånn sett ser dei Science Fiction som nærskyld eventyret og fablane.

Ein kan mistenkje eit slektskap mellom Bing & Bringsværd sitt «fabelprosa», og det engelske uttrykket «speculative fiction».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]