Faen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den skurk, nu spiller han igjen Chopin,
mens jeg skal skrive en af mine sange!
For fan, nu kan jeg skrive ned i flæng;
nu blir det bleke tøv med et til klange

Faen eller fan er ei forenkla form av det norske ordet «fanden», som er eit gamalt omgrep brukt om djevelen. Ordet blir brukt som interjeksjon og vert rekna for bannskap på norsk. Det vert òg brukt i svensk (som «fan»), dansk («fanden») og færøysk.

Ordhistorie[endre | endre wikiteksten]

Fanden kjem frå ordet fjándinn, ein norrøn bøyingsform av fjándi som tyder fiende, altså djevelen. I yngre norrønt vart denne forma til fendinn, og vidare til fanden og faen i moderne norsk. Ordet har opphav i det indoeuropeiske pe(i) som skal ha hatt tydinga 'å gjere skade på'. Pe(i) vart i germansk til fijan, med tydinga å hata, som har gitt opphav til tysk Feind, engelsk fiend og gotisk fijands.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]