Bokmålsordboka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bokmålsordboka er ei ordbok over bokmål utarbeidd ved Seksjon for leksikografi og målføregransking på Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet. Ho er tilgjengeleg som gratis nettordbok ved nettstaden til Universitetet i Bergen, som overtok drifta frå Universitetet i Oslo i september 2016.[1]

Bokmålsordboka kom ut parallelt med Nynorskordboka i 1986 etter at ein hadde arbeidd med dei sidan 1974. Reviderte utgåver kom i 1993 og 2005. Ordboka blei lagt ut på nett noko før 1995.[2]

Bokmålsordboka og Nynorskordboka viser offisiell rettskrivning og bøying og har med uttaleopplysingar, ordsoge, definisjonar, faste uttrykk og døme på bruk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Universitetet i Bergen overtek ordbøkene, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 17. september 2016, https://web.archive.org/web/20160917224200/http://ordbok.uib.no/ 
  2. Jan Hoel (2010), «Edle årganger i ny tapning», Språknytt 3, http://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/Spraknytt-2010/Spraknytt-32010/Edle-arganger-i-ny-tapning/ 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]