Falkeauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Falkauge.

Falkeauge eller falkauge er ein smykkestein i kvartsgruppa, særleg karakterisert ved eit brunt til blåleg skimmer, som på slipt eller polert flate viser seg som trådsmale lysstriper (kattaugeeffekt, chatoyans). Lysspelet skuldast innleira parallelle fibrar av amfibolmineralet krokidolitt.

Det finst saman med tigerauge, som han liknar, i Sør-Afrika. Han vert nytta til kunstgjenstandar og smykke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]