Familien Sars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Familien Sars var ein velståande familie i det norske borgarskapet i andre halvdelen av 1800-talet. Familien var barnerik, og hadde eit stort kontaktnett. Mykje av det dåverande norske kulturlivet, for ikkje å seia det akademiske og politiske livet, kom til å stå nær denne familien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Maren Cathrine Welhaven gifta seg med Michael Sars, begge oppvaksne i Bergen, då ho var knapt 20 år gamal. Michael hadde ho kjent sidan barndommen som ein ven av broren hennar, Johan Sebastian. Ho hadde nettopp fått eit soknekall i Kinn i Sunnfjord, og Michael vart sokneprest i Manger i Nordhordland 9 år seinare. Livet var hardt for Maren som prestekone. Ho deltok i arbeidet og forskinga til mannen sin samtidig som ho skulle oppsede ein jamleg aukande barneflokk. Maren fekk 14 barn i dei 23 åra ho var prestefrue. Berre 9 av desse nådde vaksen alder.

Etter at dei heimebuande sønene Ernst og Ossian vart professorar i 1874, fekk fru Maren råd til større gjestfridom og vart ei verdsett vertinne for den leiande liberale salongen i hovudstaden.

I laupet av 19 år budde familien Sars på fire forskjellige stader i Frognergata, no kjent som Nobels gate, til slutt i ein gamal tømmervilla på hjørnet av Bygdøy allé. Her døydde Maren Sars, 87 år gamal.

Familiemedlemmer[endre | endre wikiteksten]

  • Michael Sars, zoolog og prest. Han hadde sjølv kome frå lågare kår, og var son av ein skippar. Difor kom det som noko av ei overrasking at han vart gift med Maren Welhaven. Michael hadde vore ein god ven av diktaren Johan Sebastian Welhaven.
  • Maren Sars, fødd Welhaven, var søster av Johan Sebastian. Maren vart ei driftig matrone. Ho fødde 14 born, men 5 døydde tidleg. Dei borna som voks til, var:
  • Kia Sars

Maren Sars hadde ein vid omgangskrins, og huset rekna mellom anna Peter Christen Asbjørnsen og Bjørnstjerne Bjørnson som faste gjester.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]