Eva Nansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eva Nansen
Eva Nansen 1897.jpg
Eva Nansen i 1897
Foto: Ellit & Fry
Fødd 17. desember 1858
Christiania
Død

9. desember 1907
Lysaker

Yrke songar, skiløper
Eva Nansen på Commons

Eva Sars Nansen (7. desember 18589. desember 1907) var ei norsk songarinne. Ho var dotter av Michael Sars. Då Eva vart fødd hadde han vorte professor ved Universitetet i Chritiania, og familien budde der. I 1889 vart ho gift med Fridtjof Nansen.[1]

Eva Sars var ei kjend romansesongarinne. Ho var elev av svogeren Thorvald Lammers. Ho studerte og song to vintrar i Berlin, og debuterte i mai 1887. Sars song for det meste i Christiania, men gav og konsertar i Stockholm, København og Helsingfors. Ho slutta å gi eigne konsertar i slutten av 1890-åra, men song likevel ved særlege høve. Då mannen, Fridtjof Nansen, var norsk sendemann i London (1906–1908) song ho mellom anna på Windsor Castle for dei engelske og norske kongepara.

Eva Nansen var søster til marinbiologen Georg Ossian Sars, historikaren Ernst Sars og songaren Mally Lammers.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Inger Elisabeth Haavet. «Eva Nansen». Norsk biografisk leksikon. Henta 5. mars 2018. 
  • Ingeborg Motzfeldt Løchen: Minner fra et vennskap. Eva og Fridtjof Nansen (Oslo: Aschehoug, 1962).
  • Tim Greve: Fridtjof Nansen. 1905–1930 (Oslo: Gyldendal, 1974).