Hopp til innhald

Familien Tagore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mira Devi, Rathindranath Tagore, Rabindranath Tagore, Pratima Devi og Madhurilata Devi.

Familien Tagore (også stava Thakur)[note 1][1] har vore ein av dei fremste familiane i Kolkata i India, og blir rekna som ein av dei viktigaste påverknadskreftene under den bengalske renessansen. Fleire viktige personar innan næringsliv, sosial og religiøs reform, litteratur, kunst og musikk stammar frå denne familien.[2][3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tagore-familien hadde opphavleg etternamnet Banerjee (Bandyopadhyay). Dei var bengalske hindu-brahminar som stamma frå landsbyen Pithabhog i det som no er Khulna i Bangladesh. Dei var etterkomarar av Deen Kushari, som fekk landsbyen Kush i Burdwan i noverande Vest-Bengal av maharaja Kshitisura, han blei leiar for landsbyen og blei kjend som Kushari. Familien kom til Calcutta frå Khulna og byrja med forretningsverksemd. Sidan dei var brahminar blei dei kalla «Thakur» av bybuarane, eit bengalsk ord for brahmin. Dette blei til slektsnamnet Thakur, som blei skrive «Tagore» på engelsk. Slekta blei dermed kjend som Tagore.[4]

Thakurane var tradisjonelle bengalske brahminar.[5] Men Debendranath Thakur (far til Rabindranath Tagore) var ein av dei grunnleggjande medlemmane av Brahmo Samaj-rørsla, i lag med Raja Rammohun Roy.

Pathuriaghata-familien[endre | endre wikiteksten]

I familien som slo seg ned i Pathuriaghata i Kolkata var mellom anna raja Gopi Mohan Thakur. Han var ein kjend zamindar (landeigar) og velgjerar. Den eldste sonen hans, Hara Kumar Thakur, var lærd i sanskrit, skribent og musikar. Blant barna til Hara Kumar blei maharaja Sir Jatinodro Mohun Thakur og Sir Sourindro Mohun kjende.

Jorasanko-familien[endre | endre wikiteksten]

Dwarakanath Thakur (1794-1846) var sonen til Nilmoni Thakur sin andre son, Rammani Thakur, men blei adoptert av den barnlause eldstesonen, Ramlochan Thakur. Han arva fedreheimen i Jorasanko og den enorme rikdommen til Ramlochan. Dwarakanath var involvert i ulike aktivitetar som gjekk frå å vera ein agent for Mackintosh & Co. til å vera ein serestadar (hoffarbeidar), samlar og dewan (tenestemann) i 24 Parganas-distriktet. Men det var dugleiken hans innnan forretningsverksemd som gav han rikdom og ry. I lag med William Carr grunnla han Carr, Tagore and Company, den fyrste likeverdige partnerskapen mellom europeiske og indiske forretningsmenn, og var initiativtakar til managing agent-systemet i India.[6][7]

Kreative medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Den tredje sonen til Debendranath, Hemendranath Thakur, stod for streng disiplin, og fekk ansvaret for å handsama utdanninga til dei yngre brørne sine og for å administrera dei store familieeigedommane. Som dei fleste av borna til Debendranath hadde han fleire interesser på ulike felt. På den eine sida komponerte han ei rekkje religiøse bromhosangeet-songar, og på den andre skreiv han artiklar om fysisk vitnskap som han planla å samla saman og redigera til ei lærebok for skuleelever. Han var kjend for fysiske styrke og evner som brytar. Han var usedvanleg i samtida ved å insistera på å gje døtrene sin formell utdanning. Han sende dei ikkje berre til skule, men gav dei opplæring i musikk, kunst og europeiske språk som fransk og tysk. Som eit anna teikn på framtidstenkinga hans at leita han aktivt etter passande gifte til døtrene frå ulike provinsar av India for døtrene sine, ikkje berre i Bengal.

Rabindranath Thakur (1861-1941) eller Tagore var den nest yngste sonen til Debendranath. Han blei kjend som den fyrste asiaten til å vinna ein nobelpris. Han skreiv òg det som blei nasjonalsongene til India og Bangladesh, og gav tittelen mahatma til den indiske nasjonalistleiaren Mahatma Gandhi.[8] Den yngste sonen til Debendranath Thakur var Budhendranath, som døydde i svært ung alder.

Den yngre generasjonen[endre | endre wikiteksten]

Sonen til Rabindranath Thakur, Rathindranath (1888-1961), hadde fleire talent. I tillegg til å ha jordbruksutdanning frå USA verka han som arkitekt, designer, meistersnikkar, målar og skribent, og var den fyrste leiaren ved Visva-Bharati University.[9] Kona til Rathindranath Thakur, Pratima Devi (1893-1969), som nedstamma frå Gunendranath Tagore, var ein kunstnar som var tilknytt Shilpa Sadan, Visva Bharati og også dans og dansedrama.[10]

Sharmila Thakur, ein kjend Bollywod-skodespelar, stamma frå Gaganendranath Tagore gjennom faren og frå Rabindranat Thakur sin bror Dwijendranath gjennom mora.[11] Pragnasundari Debi, eit barnebarn av maharishi Debendranath Thakur, var særleg kjend for kokeboka si Aamish O Niramish Ahar (1900), ei standardgåve til bengalske brurer som gav henne kallanamnet «India's Mrs Beeton».[12]

Familietre[endre | endre wikiteksten]

 

Treliste

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Original Bengali word is ঠাকুর (ṭhākura), bengali ʈʰakur

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. From Thakur to Tagore, Syed Ashraf Ali, The Star May 04, 2013
  2. Deb, Chitra, pp 64–65.
  3. «The Tagores and Society». Rabindra Baharati University. Henta 24 April 2007. 
  4. Mukhopadhyaya, Prabhatkumar, Rabindrajibani o Rabindra Sahitya Prabeshak, 1985, Visva Bharati, p 3
  5. Thompson, Edward (1948). Rabindranath Thakur : Poet And Dramatist. Oxford University Press. s. 13. 
  6. Deb, Chitra, Jorasanko and the Thakur Family, Pages 64-65, in Calcutta: The Living City, Volume I, edited by Sukanta Chaudhuri, Oxford University Press.
  7. Sarkar, Suvobrata. «Bengali Entrepreneurs and Western Technology in the Nineteenth Century: A Social Perspective» (PDF). Indian Journal of History of Science, 48.3 (2013) 447-475. Henta 2 August 2018. 
  8. Sengupta, Subodh Chandra and Bose, Anjali (editors), (1976/1998), Sansad Bangali Charitabhidhan (Biographical dictionary) Vol I, in Bengali, Sahitya Sansad ISBN 81-85626-65-0 pp 454–455.
  9. «New book discloses Rabindranath Tagore son's untold story». DNA. Henta 1 August 2019. 
  10. «Pratima Devi (1893–1969)». Visva-Bharati. Henta 1 August 2019. 
  11. «The Tagore connection!». 
  12. Utsa Ray, Culinary Culture in Colonial India (Cambridge University Press 2015): 63. ISBN 9781107042810