Khulna
Khulna খুলনা | |||
By | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 59,57 km² | ||
Folketal | 1 400 689 (2007) | ||
![]() Khulna 22°49′00″N 89°33′00″E / 22.816666666667°N 89.55°E | |||
Wikimedia Commons: Khulna | |||
Nettstad: http://www.khulnacity.org |
Khulna er den tredje største byen i Bangladesh, etter Dhaka og Chittagong og administrasjonssenter for Khulna-provinsen. Sjølve byen har rundt 1 million innbyggjarar, medan storbyområdet i 2007 var rekna til 1 435 422.[1]
Khulna ligg sørvest i landet, ved elvane Rupsha og Bhairob, sideelver som kjem ut frå Ganges i det store elvedeltaet der Ganges, Brahmaputra/Jamuna og Meghna renn ut i Bengalbukta. Sør for byen byrjar mangroveområdet Sundarbans, kjend for bengaltigerbestanden sin.
Byen ligg omtrent midtvegs mellom Dhaka, hovudstaden i Bangladesh som han har både veg-, jarnbane-, luft- og båtsamband med, og 17 mil aust for den indiske storbyen Kolkata (Calcutta). Den næraste hamna er Mongla, ca. 5 mil sør for bysentrumet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen skal ha fått namnet sitt etter eit tempel ved namn Khullaneswari ved breidda av Bhairob noko aust for dagens bysentrum. Khulna var opphavleg ei underinndeling av Jessore-distriktet, frå 1842, medan Khulna-distriktet blei grunnlagd i 1884.[2] Han blei erklært som by i 1984 og som storby i 1990.[3]
Frå 1950-åra og fram til 1970 blei det skipa fleire store industriar her som seinare er blitt lagde ned. Byen hadde fleire jutefabrikkar, tre-, papir- og tekstilindustri og eit skipsverft.[2] Khulna er framleis eit sentrum for industri og handel, og er den andre største hamnebyen i Bangladesh.[3]
Khulna har fleire høgare utdanningsinstitusjonar: Brajalal College, grunnlagd i 1902, Khulna University, Khulna University of Engineering & Technology (KUET) og Khulna Medical College (KMC).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 2007 Population Estimate (PDF). Retrieved on 19 August 2009. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ 2,0 2,1 About KCC, khulnacity.org
- ↑ 3,0 3,1 Basic Statistics, khulnacity.org