Hopp til innhald

Fanny Aavatsmark MacTaggart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fanny Aavatsmark MacTaggart
Statsborgarskap Noreg, Storbritannia
Fødd 22. august 1899
Helsingfors
Død

18. januar 1981 (81 år)
Edinburgh

Yrke journalist
Språk norsk
Far Ivar Aavatsmark
Mor Ida Flodin

Fanny Margaretha Basilier Aavatsmark MacTaggart (1899–1981) var ein norsk-skotsk journalist.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

MacTaggart var dotter av den norske generalen og forsvarsministeren Ivar Aavatsmark og den finlandssvenske songerinna Ida Flodin. Ho blei fødd i Helsingfors i Finland og vaks opp i Kristiania (Oslo) og Trøndelag.[1]

MacTaggart studerte kunst, musikk og språk i Kristiania og København, deretter i Frankrike, der ho byrja å skrive for norske og finske aviser.[1]

I 1937 gifta ho seg med den skotske kunstmålaren William MacTaggart (1903–1981), og dei busette seg i Edinburgh. Ho var korrespondent for Aftenposten i mange år. Under den andre verdskrigen arbeidde ho for den norske avdelinga i BBC, og frå 1942 til 1946 leia ho informasjonskontoret til den norske regjeringa i Skottland.[1]

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

MacTaggart blei tildelt St. Olavsmedaljen i 1947 og utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1964. Mannen hennar blei adla som riddar av dronning Elizabeth II i 1962, og ho førte deretter den britiske tittelen lady.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Aavatsmark, Ivar (2000). Aavatsmark. Gårds- og slektshistorie. s. 184–185. ISBN 978-82-995701-0-7.