Ivar Aavatsmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Aavatsmark
Ivar Aavatsmark uniform.jpg
Fødd 11. desember 1864

Høylandet

Død 1. juli 1947
Oslo

Ivar Aavatsmark (11. desember 18641. juli 1947) var ein norsk hæroffiser og Venstre-politikar. Han var innvald på Stortinget frå 1906 til 1921 og var ein av Venstres leiande forsvarspolitikarar i tida rundt 1. verdskrigen. Han var forsvarsminister 1919-20 og 1921-23, i ein periode prega av nedprioritering av Forsvaret. Aavatsmark stod sentralt i arbeidet med hærordninga av 1910, flåteplanen av 1912, og var ein viktig støttespelar for frivillig militærteneste i nedgangstida i 1920- og 1930-åra.

Aavatsmarks var blant anna lærar ved Den Militære Høiskole og sjef for 5. divisjon, før han avslutta som generalmajor i Hæren og kommandant på Akershus festning i 1932.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Aavatsmark var son av ein gardbrukar på garden Åvatsmark på Høylandet i Namdalen, den gongen del av Grong kommune. Han var fetter av Ole Aavatsmark, som også sat på Stortinget ein periode og forstmannen Ivar Aavatsmark var brorson hans. Aavatsmark var elev ved borgarskulen i Namsos og Trondheim katedralskole, og avla examen artium som privatist i 1886.

Militær karrière[endre | endre wikiteksten]

I 1886 vart Aavatsmark teken opp ved krigsskulen, og vart uteksaminert i 1889. Han gjorde teneste i Trondheim og Kristiansand, og avla eksamen ved Den Militære Høiskole i 1889. Året etter vart han premierløytnant. 1894 vart han aspirant i generalstaben, etter eitt år i Hans Majestet Kongens Garde. I staben arbeidet Aavatsmark særleg med jarnbanesaker, og han markerte seg seinare som ein forkjempar for Nordlandsbanen. År 1898 vart han utnemnd til kaptein. Han føretok nokre reiser for å studere militære kommunikasjonar i utlandet, finansiert gjennom stipend. Blant anna fekk han stipend for å reise til Austerrike for å studere militær jarnbanetransport i 1900, og for å reise til Finland i 1903. Han var stabsadjutant 1900-03.

I 1904 døydde den eldre broren hans barnlaus. Aavatsmark tok då over slektsgarden for ei tid, budde på garden frå 1906 til 1911. Seinare budde han i Steinkjer som den fyrste i Regimentsbustaden på Steinkjersannan[1], og så i Trondheim fram til 1928. Jamsides gardsdrifta heldt han fram den militære løpebanen, og avla generalstabseksamen i 1903. 1906 gjekk han ut av generalstaben, og var den fyrste lærar i det nye faget kommunikasjonslære[2] ved Den Militære Høiskole 1903-11. Aavatsmark var oberstløytnant og sjef for Namdalens bataljon 1911-15, oberst og sjef for Nordre Trondhjems infanteriregiment nr. 13 1915-19. Han var generalmajor frå 1919, samt sjef for 5. divisjon frå 21. juni 1919. Ved den siste utnemninga vart det hevda avansementet var å forstå som løn for politisk innsats.[3] Aavatsmark var sjef for 2. divisjon og kommandant på Akershus festning frå 3. juli 1928 til 11. desember 1932, då han tok avskjed i ved oppnådd aldersgrense.[2]

Stortingsrepresentant[endre | endre wikiteksten]

Aavatsmark sat på Stortinget 1906-21 for Snaasen krins, ein einmannskrins i Nordre Trondhjems amt. I heile si tid som stortingsrepresentant var han medlem av militærkomitéen, fyrst som sekretær 1907-08, deretter som nestformann under Jens Bratlie 1908-09, og som formann frå 1910, med eit unnatak for 1920 då han einast var medlem. Elles var han medlem av valkomiteen 1907-10 og 1913-19. Tida 1913-18 var han medlem av fullmaktskomiteen og 1916-19 av utanrikskomiteen. Aavatsmark var dessutan visepresident i Stortinget 1917-18, og president i Odelstinget i 1919.

Hærordning og flåteplan[endre | endre wikiteksten]

På Stortinget arbeidde Aavatsmark for å samle fleirtal for Hærordningen av 1910, og deretter for ordninga sitt sjømilitære motstykke; Flåteplanen av 1912. Hærordninga førte til at hæren sin beredskap vart styrkt, og vart karakterisert som «den beste Norge har hatt».[4] Forslaget vakte sterk motstand frå Arbeiderpartiet sin representant Adam Egede-Nissen, som under debatten om hærordninga i august 1909 foreslo konsekvent nøytralitet og full avvæpning av forsvaret. Frå og med hærordninga hadde Hæren i resten av mellomkrigstida soldatutdanning gjennom 48 dagars rekruttskule.[5]

Under debatten om Flåteplanen av 1912 var Aavatsmark svært aktiv på Stortinget. Ein eigen forsvarskommisjon av 1910 hadde foreslått planen, og det vart bestilt to panserskip i Storbritannia og som skulle ha hovudbase i Bergen. Aavatsmark viste til nabolandet Finland sin kamp mot den tsar-russiske okkupasjonsmakta i debatten om denne merkbare styrkinga av marinen:

«De senere aar, ikke minst 1911, har i mange henseende vært et varselsaar for de smaa og svake nationer, og jeg mener det er klokt at akte paa tidens tegn, at den nation som ikke selv har evne til at holde sig oppe i det store kappløp, blir ubarmhjertig traadt under føtter. Vi har et meget nærliggende eksempel paa at en nation her i Norden som i dag skritt for skritt erobres av en annen nation uten at en eneste magt i Europa hever sin røst for at støtte eller hjelpe».[6]

Også Aavatsmark markerte i debatten støtte til opprustingsmotstandarane sine krav om sosiale reformer, men la til at sosiale reformer ville ha liten verdi utan samstundes å sikre landet sitt sjølvstende.

Aavatsmark, Holtfodt og Arbeidarpartiet[endre | endre wikiteksten]

På Stortinget vart Aavatsmark oppfatta som ein mann sterkt prega av den militære bakgrunnen sin, særleg oppteken av Forsvaret sitt renommé.[3] Han vart halden for å vere vesentleg meir smidig og kompromissvilleg enn partikollega og rival Christian Holtfodt, som var forsvarsminister 1914-19. Aavatsmark vart saman med Christian Sparre og Ludvig Larsen Kragtorp rekna som dei fremste kritikarane av Holtfodts militære prioriteringar.[7]

Holtfodt var i militære spørsmål ein tradisjonalist. Allereie ved utnemninga av han kommenterte Social-Demokraten: «Den nye statsraad hører til de yderliggaaende militarister, en fæstningsfanatiker av de værste».[7] Frå hausten 1914 var det på Stortinget likevel brei semje om den overordna forsvarspolitikken, einast Arbeidarpartiet sette seg mot forsvarspolitiske avgjerder med sitt anti-militaristiske, revolusjonære grunnlag.[7] Fleire borgarlege politikarar, også Aavatsmark, frykta av den grunn for eit mogleg sosialistisk revolusjonsforsøk.[8]

Blehrs 2. regjering. Aaavatsmark framme ytst til venstre

Forsvarsminister[endre | endre wikiteksten]

Aavatsmark vart forsvarsminister 17. juni 1919 i Gunnar Knudsen si andre regjering. Regjeringa gjekk av 21. juni 1920, men Aavatsmark vart forsvarsminister på ny i Otto Albert Blehrs andre regjering frå 22. juni 1921 til 6. mars 1923.

Folkeforbundet vart oppretta i 1919 som fylgje av Versaillestraktaten. Noreg skulle verte eitt av landa som var med i Folkeforbundet heile tida frå grunnlegginga til det i 1946 vart del av FN. Aavatsmark delte fullt ut haldninga om at Norge gjekk inn for nedrusting og å halde fast ved nøytraliteten.[9]

Aavatsmark måtte ta stilling til om Forsvarets hemmelege revolusjonsberedskap, militær overvaking av streikebrytarar og andre av Forsvaret sine maktmidlar kunne settast inn mot «indre fiendar».[3] Som statsråd sette han for fyrste gong opp eigne reglar for Forsvaret under urolege tilstandar. Han meinte at Forsvaret burde kunne samarbeide med frivillige, privatpersonar såvel som organisasjonar, i innanrikspolitiske stridar. Samstundes gjekk han i det skjulte inn for at Hans Majestet Kongens Garde ikkje burde rekruttere frå eksempelvis større industriarbeidsplassar for slik å unngå potensielt revolusjonære element.[3]

Tida hans som forsvarsminister vart prega av mellomkrigstida si nedprioritering av Forsvaret. Inga partigruppe på Stortinget var villig til å løyve større pengemidlar til ei oppgradering av den militære slagkrafta.[10] Politikarar og offiserar i maktposisjonar var meir opptekne av andre trusselbilete enn klassisk angrepskrig. Dei såg større fare for ein sosialistisk revolusjon.[10] Grunnleggande endringar i militær doktrine i perioden 1905-40, og ei opprusting i takt med denne ville ha vore svært kostbar for eit lite industrialisert land som Norge.[11] Aavatsmark si fremste oppgåve vart å syrgje for eit fungerande forsvar avgrensa av ein tilbakeskodande militsideologi og tronge økonomiske rammer.[12]

Krigstid og frimureri[endre | endre wikiteksten]

Aavatsmark leia komiteen for dei norske, frivillige deltakarane i Vinterkrigen 1939-40. Hausten 1940 signerte han diplomet desse vart tildelt under Vidkun Quislings første regjering. Med diplomet høyrde ein deltakarmedalje, delt inn i to klassar.

Aavatsmark var lenge engasjert i frimurarordenen. Han var ordførande meister i 'Den Norske Store Landsloge' 1939-47, og vart vald inn i leiarskapen i Den Norske Frimurerorden som stormeisteren sin prokurator i 1939. Sommaren 1940 fekk han og ordenen sin storsekretær, Brinchmann-Hansen, i oppgåve å forhandle med den tyske okkupasjonsmakta om framtida for frimurarordenen. Ordenen sitt hovudkvarter var tidvis beslaglagt, men medlemene styrte lokala gjennom sommarmånadene i 1940. I september same året vedtok okkupasjonsmakta å oppløyse ordenen. Aavatsmark vart aldri formelt stormeister i ordenen, men var de facto leiar frå stormeister Hans Rønneberg døydde i 1941 og til Jacob Hvinden Haug vart vald til ny stormeister i 1945. Gestapo heldt auge med leiarane i ordenen, så Aavatsmark sin aktivitet pågjekk i det skjulte.[13]

Premiering[endre | endre wikiteksten]

Aavatsmark vart tildelt ei rekke ordenar.[14][15] Han var utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1910, og til kommandør med stjerne i 1920 «for fortjenstfuld embedsvirksomhet.» Han var dessutan innehavar av ei rekke utanlandske ordenar.

På Spitsbergen ligg isbreen Aavatsmarkbreen. Breen er oppkalla etter Aavatsmark fordi han rådde Stortinget til å løyve pengar for å utruste HMS «Farm» til Gunnar Isachsen sine Spitsbergen-ekspedisjonar i 1909 og 1910.

Han døydde i Oslo i 1947.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Steinkjerleksikonet, Ivar Aavatsmark
  2. 2,0 2,1 Fougner 1950
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Agøy 2005
  4. Baalsrud 1985, s. 19
  5. Baalsrud 1985, s. 20
  6. Baalsrud 1985, s 23
  7. 7,0 7,1 7,2 Hobson og Kristiansen 2001, s. 107
  8. Danielsen og Hovland 1991, s. 278
  9. Hobson og Kristiansen 2001, s. 330
  10. 10,0 10,1 Hobson og Kristiansen 2001, s. 326
  11. Hobson og Kristiansen 2001, s. 327
  12. Hobson og Kristiansen 2001, s. 329
  13. Horrisland 2006, s. 6–7
  14. Blom 1934, s. 63
  15. Amundsen 1947, s. 83

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Agøy, Nils Ivar: «Ivar Aavatsmark». I: Norsk biografisk leksikon, 2. utgave. Kunnskapsforlaget, 2005. (Les)
  • Amundsen, O. Delphin: Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847–1947. Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947.
  • Blom, S.: Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847–1947. Oslo: A. M. Hanches Forlag, 1934.
  • Baalsrud, Terje: Politikken mot forsvaret – frem mot 1940. Oslo: Institutt for forsvarsopplysning, 1985.
  • Danielsen, Rolf og Hovland, Edgar: «1814–1945». I: Grunntrekk i norsk historie: fra vikingtid til våre dager. Oslo: Universitetsforlaget, 1991.
  • Fougner, C.: «Generalmajor Ivar Aavatsmark». I: Oslo Militære Samfunds portrettgalleri. Oslo Militære Samfund, 1950. (Les)
  • Hobson, Rolf og Kristiansen, Tom: Norsk forsvarshistorie, bind 3. Bergen: Eide forlag, 2001.
  • Horrisland, Helge Bjørn: «Ledet Ordenen uten å være Stormester». I: Frimurerbladet, nr. 1 2006. (Les)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]