Faraya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°01′N 35°49′E
Faraya
فاريا
landsby
Rock formations in Faraya.jpg
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Kesrwan distrikt
Høgd 1 350 moh.
Koordinatar 34°01′N 35°49′E
Folketal 1 900
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Faraya

Faraya (arabisk فاريا) er ein libanesisk landsby som ligg i Kesrwan distrikt. Han ligg i ei høgd frå 1300 til 2300 meter over havet.

Etymologi og geografi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Faraya tyder «Landet av frukt og grønsaker» på fønikisk og kjem av den gode jorda her. Frukthagane i regionen Chabrouh var kjende over heile Libanon for epla og pærene. I 2007 vart Chabrouhdammen vart ein av dei høgastliggande kunstige innsjøane i Midtausten, men som følgje av overfløyminga vart meir enn tre fjerdedelar av frukthagane lagt under vatn. Skibakkane her er i dag populære i regionen.

Faraya ligg i Kesrwan distrikt i Libanon, 42 km frå Beirut (med bil, men 35 km i rett linje), og 20 km frå Jounieh. Vegen til Faraya frå kysten passerer gjennom Ajaltoun, Achkout, Faytroun, Mairouba, Hrajel før han når Faraya, og held fram mot Ouyoun som Siman der det er ein skisenter. Han når ikkje Bekaadalen på andre sida av Libanonfjella.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Om vinteren har Faraya eit kaldt klima med snø som kan nå ei djupne på 1,5 m eller meir, og temperaturar under -6 °C eller lågare. Om sommaren kan temperaturen i juli og august nå over 30 °C.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]