Jeitagrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°56′36.20″N 35°38′28.89″E
Jeitagrotta
grotte
Outside Jeita.jpg
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Stad Jeita
 - koordinatar 33°56′36.20″N 35°38′28.89″E
Lengd km
Geologi Karstisk
Lettast tilkomst Jeitagrotta offisiell nettstad
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jeita Grotto

Jeitagrotta (arabisk مغارة جعيتا) er eit system av to fråskilde, men samankopla karstgrotter med ei samla lengd på 9 km. Grottene ligg i Nahr al-Kalb-dalen ved Jeita, 18 km nord for den libanesisk hovudstaden Beirut. Sjølv om ho var busett i førhistorisk tid, vart ikkje den nedre grotta oppdaga på ny før i 1836 av presten William Thomson. Ho kan berre vitjast med båt sidan ei underjordisk elv renn gjennom ho. Vatnet i elva gjev friskt drikkevatn til meir enn éin million libanesarar.

I 1958 oppdaga libanesiske grotteforskarar dei øvre galleria, 60 meter over den nedre grotta. Her er det bygd ein tilkomsttunnell og ei rekkje gangvegar slik at turistar kan vitje grotta. Dei øvre galleria husar den største kjende stalaktitten i verda. Galleria består av ei rekkje kammer, der det største har ei høgd på 120 meter.

Utanom å vere eit libanesisk nasjonalsymbol og ein av dei mest vitja turistmåla i landet, speler Jejitagrotta ei viktig sosial, økonomisk og kulturell rolle, og er ein finalist i konkurransen om å verte eit av dei nye sju underverka i verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]