Fauskemarmor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fauskemarmor

Fauskemarmor er ein bergart som finst på Fauske i Nordland og som har vorte nytta i bergindustri her sidan 1895.

Fauskemarmor finst på Fauskeeidet og består av kalkspatmarmor, som er delvis dolomittførande og er danna ved regionalmetamorfose av silurisk kalkstein. Bergartane tilhøyrer Tespfjelldekket i nordlege delen av Nordlandsprovinsen.

Dagbrot utnyttar fleire fargevariantar: kvit og raud, kvit og grøn, kvit og blå, kvit og svart. Handelsnamna er Coloritt, Antique Fonce og Norwegian Rose. Bygningssteinen blir nytta hovudsakleg innandørs som til dømes Oslo Rådhus, Oslo tinghus, Gardermoen lufthamn, operaen i Stockholm og SN-bygningen i New York.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]