Dolomitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dolomitt
Dolomite-Magnésite- Navarre.jpg
Dolomitt og magnesitt – Spania
Generelt
KategoriKarbonatmineral
Kjemisk formel(CaMg)(CO3)2
Strunz-klassifisering05.AB.10
KrystallsymmetriTrigonal romboedrisk, 3
Einingscellea = 4.8012(1) Å, c = 16.002 Å; Z = 3
Identifikasjon
FargeKvit, grå til rosa
KrystallformSøyleforma krystallar, ofte med boga flater, òg skiveforma, stalkittisk, korna, massiv.
KrystallsystemTrigonal
TvillingVanleg som enkle kontakttvillingar
Kløyvperfekt på {1011}, romboedrisk kløyv
BrotMuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala3.5 til 4
Glansglasaktig til perleaktig
StrekfargeKvit
Spesifikk vekt2.84–2.86
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (-)
Brytingsindeksnω = 1.679–1.681 nε = 1.500
Dobbeltbrytingδ = 0.179–0.181
OppløyselegheitDårleg oppløyseleg i fortynna HCl
Andre eigenskaparKan fluoresce kvitt til rosa under UV; triboluminescens.
Kjelder[1][2][3][4]

Dolomitt er eit karbonatmineral som består av kalsium magnesiumkarbonat CaMg(CO3)2. Ordet dolomitt vert òg nytta til å skildre sedimentær karbonatbergart, som hovudsakleg består av mineralet dolomitt (òg kalla dolomittstein).

Det har stor likskap med kalsitt (kalkspat), men kan skiljast frå dette ved at det ikkje brusar i kald, fortynna saltsyre.

Det har namn etter Dolomittane, der det opptrer i store mengder. I Noreg finst det større førekomstar av dolomittbergartar i Nord-Noreg, som Salten, Rana og Porsanger. Det vert henta ut dolomittstein i Sørfold, Fauske, Vefsn og Ballangen er i drift og sysselset om lag 50 personar. Årsproduksjonen av dolomittstein i Noreg ligg på 900 000–1 mill. tonn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raade, Gunnar. (2012, 8. desember). Dolomitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/dolomitt.
  1. Deer, W. A., R. A. Howie and J. Zussman (1966) An Introduction til the Rock Forming Minerals, Longman, s. 489–493. ISBN 0-582-44210-9.
  2. Dolomite. Handbook of Mineralogi. (PDF) . Retrieved on 2011-10-10.
  3. Dolomite. Webmineral. Retrieved on 2011-10-10.
  4. Dolomite. Mindat.org. Retrieved on 2011-10-10.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dolomitt