Ferdinand Freiligrath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferdinand Freiligrath

Statsborgarskap Fyrstedømmet Lippe
Fødd 17. juni 1810
Detmold
Død

18. mars 1876 (65 år)
Stuttgart, Bad Cannstatt

Yrke lingvist, lyrikar, omsetjar, skribent
Mor Louise Wilhelmine Freiligrath
Ektefelle Ida Freiligrath
Born Kate Freiligrath-Kroeker, Otto Freiligrath
Ferdinand Freiligrath på Commons

Ferdinand Freiligrath (17. juni 181018. mars 1876) var ein tysk diktar og omsetjar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Freiligrath blei kjend for diktsamlinga Gedichte frå 1838. I 1842 fekk han diktargasje av den prøyssiske kongen, men sa denne frå seg i 1844, då han gjorde den mest radikale liberalisme saka til si. Han flykta til Sveits i 1845, og året etter til London. Revolusjonen i 1848 helsa han med henførte dikt, og vende tilbake til Tyskland full av håp.[1]

Freiligrath deltok i dei revolusjonære hendingane i Tyskland i 1848, og blei stilt for retten for oppvigling til høgforræderi på grunn av diktet sitt Die Todten an die Lebenden (‘Dei døde til dei levande’). Han blei frikjent. På 1840-talet blei Freiligrath kjent med Karl Marx, og dei blei verande venner. Ifølge Marx sin biograf Franz Mehring var Freiligrath den beste vennen til Marx etter Friedrich Engels.[2]

I 1851 måtte han forlata Tyskland att. Han var deretter bankmann i London i 17 år. Då banken gjekk konkurs i 1867, stod Freiligrath pengelaus att. I 1868 flytta han endeleg tilbake til heimlandet sitt, der han no blei æra med nasjonallønn. Ungdomsdiktinga til Freiligrath inneheld mange eksotiske og fargesterke motiv, og viser tydelege impulsar frå Victor Hugo, som han òg omsette til tysk.

Freiligrath omsette òg verk av William Shakespeare, Henry Wadsworth Longfellow og Robert Burns. Revolusjonspoesien hans, Ein Glaubenbekenntnis (1844), Ça ira (1846) og Neuere politische und soziale Gedichte (1849-51), utmerker seg for agitatorisk liding og kraftfull form. Hans Gesammelte Dichtungen kom ut i 6 band i 1870, medan ei brevsamling, Briefe blei gjeven ut i 1910 av L. Weins.[1]

Seinare i livet sitt blei Freiligrath stadig meir nasjonalistisk. Eit døme på dette er diktet hans «Hurra, Germania!».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Svensk uppslagsbok, Malmö 1932
  2. Mehring, Franz: Karl Marx: Geschichte seines Lebens, Dietz Verlag, 1960, s. 182. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]