Ferdinando Carulli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ferdinando Carulli
Ferdinando Carulli.jpg
Fødd9. februar 1770
FødestadNapoli
Død17. februar 1841 (71 år)
DødsstadParis
FødenamnFerdinando Maria Meinrado Francesco Pascale Rosario Carulli
PeriodeKlassisismen og romantikken
SjangerKammermusikk, solokonsertar
InstrumentGitar
Verka somKomponist og gitarist

Ferdinando Maria Meinrado Francesco Pascale Rosario Carulli (9. februar 177017. februar 1841) var ein italiensk komponist for klassisk gitar og forfattar av det første verket om klassisk gitar, som framleis er i bruk i dag. Han skreiv mange verk for klassisk gitar, inkludert solokonsertar og kammermusikk. Han var ekstremt produktiv som komponist for gitar, og komponerte over 400 verk for instrumentet på berre 12 år.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Carulli var fødd i Napoli, då ein del av Kongedømet Napoli. Far hans, Michele, var sekretær til utsendinga til den napolitanske domsmakta. Carulli fekk musikkutdanninga si hos ein prest, som mange av sine samtidige. Det første instrumentet til Carulli var cello, men då han var tjue år gammal oppdaga han gitaren og nytta resten av livet sitt til å studere og bli flinkare på gitar. Sidan det ikkje fanst profesjonelle gitarlærarar i Napoli på denne tida, utvikla Carulli sin eigen spelestil.

Carulli var ein dyktig gitarist, Konsertane hans i Napoli var så populære at han snart starta å turnere i Europa. Rundt 1801 gifta Carulli seg med ei fransk kvinne, Marie-Josephine Boyer og fekk ein son med ho. Eit par år seinare starta Carulli å komponere i Milano, der han medverka til lokale publikasjonar. Etter ein suksessrik turne til Paris, flytta Carulli der. På denne tida var Paris musikkhovudstaden i verda og han vart verande der resten av livet sitt.

I Paris vart Carulli ein særs suksessrik musikar og lærar. Han oppfylte ønsket sitt om å gjere gitaren populær og på moten i dei øvre klassane og hos musikarane i Paris. Det var òg i Paris han gav ut dei fleste verka sine, og vart etter kvart ein utgjevar sjølv som trykte verk av andre dyktige gitaristar som Filippo Gragnani. Gragnani var ein ven av Carulli som seinare tileigna tre gitarduettar til Carulli.[1]

I 1830-åra følgde mange europeiske gitaristar Carulli til Paris, visstnok «tiltrekt av personlegdomen hans». Med så mange andre gitaristar i Paris, arbeidde Carulli hardare som lærar og hadde snart medlemmer frå adelen i Paris blant studentane sine.

Mange av stykka som no vert rekna som av dei største av Carulli, vart først avslåtte av utgjevarane som for vanskelege for ein vanleg gitarist, og det er mogeleg at mange av meisterverka hans gjekk tapt på den måten. Carulli starta då å publisere sine eigne verk. Dei fleste av verka til Carulli som har overlevd er likevel dei som vart rekna som «trygge» nok til at dei andre utgjevarane kunne godta dei, hovudsakleg til bruk innan opplæring av visse teknikkar eller for nybyrjarar. Sjølv om han hadde mange studentar og støttespelarar, byrja Carulli å føle at han ikkje fortente det imponerande ryet han hadde, fordi dei fleste av dei største verka hans aldri vart publiserte.

Avgrensa til hovudsakleg enkle stykke, skreiv Carulli den verdskjende metoden sin for klassisk gitar, «Harmoni for gitar», ei samling av stykke som framleis vert nytta til opplæring i dag. Då ho kom ut var metoden særs populær og det vart trykt mange utgåver.

Seinare i livet starta Carulli å eksperimentere med gitarbyggjing. Med Lacote, ein fransk gitarmakar, gjorde han store endringar for å utbetre gitarlyden.

Carulli døydde i Paris den 17. februar 1841, 71 år gammal.

Musikk og stil[endre | endre wikiteksten]

Carulli var av dei mest produktive komponistane på si tid. Han skreiv meir enn 400 verk for gitar og mange andre for forskjellige instrumentkombinasjonar, alltid med gitar. I dag er det viktigaste verket hans rekna for å vere «Metode, op. 27», publisert i 1810 og framleis mykje nytta til opplæring av klassiske gitaristar den dag i dag. Carulli komponerte òg musikk for gitar og piano med sonen Gustavo. Han skreiv verk for kammerorkester og andre ensemble.

Klassiske gitaristar har spelt inn mange av verka hans. Det meste kjende av desse er ein duett for gitar og fløyte, som vart spelt inn av Alexander Lagoya og Jean-Pierre Rampal, sjølv om hans Duett i G Op.34 indirekte vart særs kjend i Storbritannia som kjenningsmelodi til fjernsynsserien The Adventure Game i 1980-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ferdinando Carulli, Just Classical Guitar, Milano, Firenze, ITALIA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]