Hopp til innhald

Ferguson Peak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferguson Peak
fjell
Land  Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Topp Sør-Georgia
 •  høgd 560 moh.
 - koordinatar 54°47′S 35°50′W / 54.783°S 35.833°W / -54.783; -35.833
Kart
Ferguson Peak
54°47′00″S 35°50′00″W / 54.7833°S 35.8333°W / -54.7833; -35.8333

Ferguson Peak er eit fjell, 560 moh, som ligg like vest for toppen av Cooper Bay heilt aust på Sør-Georgia. Det vart fotografert av Niall Rankin då han vitja Sør-Georgia i 1947. Rankin avslørte ikkje plasseringa fordi han ønskte å verne pelsselen han fann der og som han fotograferte. Biletet vart identifisert som fjellet her skildra av British South Georgia Expedition, 1954–55, og det fekk uoffisielt namnet «Fur Seal Peak». Sidan Birdøya, ved vestenden av Sør-Georgia, no er den einaste staden der pelsselar ynglar, er namnet no villeiande. Det nye namnet «Ferguson Peak» vart tilrådd av UK Antarctic Place-Names Committee i 1957 etter David Ferguson, ein skotsk geolog, som utførte geologiske undersøkingar på Sør-Georgia i 1911–12 for Christian Salvesen og selskapet hans.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ferguson Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. desember 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ferguson Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).