Birdøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 54°1′S 38°3′W
Birdøya
øy
Bird-Island.PNG
Birdøya med BAS-stasjonen og Roché Peak
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Øygruppe Sør-Georgia
Koordinatar 54°1′S 38°3′W
Høgaste punkt Roché Peak
Lengd 4,8 km
Plasseringa til Birdøya
Plasseringa til Birdøya
Wikimedia Commons: Bird Island, South Georgia

Birdøya eller Bird Island er ei øy utanfor vestenden av Sør-Georgia og mellom dei ligg Bird Sound. Ho er 4,8 km lang og 800 meter brei.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ho vart oppdaga i 1775 av ein britisk ekspedisjon under James Cook, som gav ho namnet på grunn av dei mange fuglane som var på øya.

Seint i 1950-åra dreiv amerikanske forskarar undersøkingar på øya. Mellom 1959 og 1962 vart mange av vandrealbatrossane på øya merka, noko som gjorde at ein oppdaga kor langt desse fuglane faktisk dreg. Ein av fuglane vart funnen i Australia.

Øya har vore ein stasjon for antarktisk forsking sidan 1963, og i dag ligg ein biologisk forskingsstasjon for British Antarctic Survey (BAS) ved Jordan Cove, med fire biologar. Hovudfokuset er økologi og bestanden av sjøfuglar og selar på øya.

DÅ argentinarane okkuperte Sør-Georgia i 1982 var det 15 britar andre stader i øygruppa som argentinarane ikkje kom til. Dei argentinske tapa i Grytviken hindra Argentina frå å ta resten av øya og basen på Birdøya og andre feltleirar vart verande under britisk kontroll.

Øya har i dag status som Site of Special Scientific Interest, så det er ikkje lov å gå i land her utan løyve.

Toppen av øya, Roché Peak, er kalla opp etter engelskmannen Anthony de la Roché som oppdaga Sør-Georgia i 1675.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

På øya finn ein

I tillegg finst det fleire hundretusen andre fuglar, inkludert bøylepingvin, sørgeorgiaspissand og sørgeorgiapiplerke. Av 31 hekkande artar på Sør-Georgia finn ein 27 her på Birdøya.

Øya er fri for rotter, i motsetnad til hovudøya i Sør-Georgia.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]