Fermi-paradokset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei grafisk framstilling av Arecibo-meldinga – mennesket sitt første forsøk på å bruke radiobølgjer til å aktivt kommunisere med utanomjordiske sivilisasjonar.

Fermi-paradokset er eit paradoks som går ut på at ein ikkje har sett spor av vesen frå andre klotar i Mjølkevegen, trass i at galaksen inneheld over 200 milliardar stjerner, og at kanskje 20 milliardar av dei har planetsystem. I tillegg er sola ei relativt ung stjerne, og det finst milliardar av stjerner i galaksen som er milliardar av år eldre.

Fysikaren Enrico Fermi meinte i følgje denne tankegangen at jorda burde alt ha blitt vitja, men Fermi fann ikkje overtydande bevis på dette, eller teikn på intelligens andre stader i galaksen. Fermi spurte derfor, «Kvar er dei?»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jones, E. M. (March 1, 1985). «"Where is everybody?" An account of Fermi's question"». Los Alamos National Laboratory (LANL), USA Department of Energy. Henta 7. juni 2016.