Fernando Mendes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fernando Mamede Mendes (15. juli 193731. mars 2016) var ein portugisisk fotballspelar frå Seia som vann cupvinnarcupen 1964 med Sporting Lisboa.

Mendes spelte på Sporting Lisboa i 12 år frå 1956. Midtbanespelaren var med å vinne den portugisiske toppserien i 1958 og på ny i 1962. I 1963 var han med då Sporting vann den spanske cupen for sjette gong, etter finalesiger 4-0 over Vitoria Setubal. Sesongen etter tok Sporting seg til finalen i cupvinnarcupen, ei turnering laget vann etter fyrst 3-3 og så siger 1-0 i omkampen mot MTK Budapest på Heysel-stadion i Brussel.

Frå landslagdebuten i 1959 spelte Mendes 21 landskampar for Portugal til 25. april 1965. I VM-kvalifiseringskampen mot Tsjekkoslovakia i Bratislava braut han eine beinet. Etter dette kom han aldri tilbake på same nivå som før. Han fekk mindre speletid i Sporting og tok til sist ein sesong, 1968/69 i Atlético CP.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1964 med Sporting Lisboa
  • Portugisisk seriemeister: 1958, 1962, 1966 med Sporting Lisboa
  • Portugisisk cupmeister: 1963 med Sporting Lisboa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]