Cupvinnarcupfinalen i fotball 1964

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1964 vart avgjort på Bosuilstadion i Antwerpen den 15. mai 1964 då Sporting Lisboa i omkamp vann 1-0 over MTK Budapest. Den fyrste finalekampen fann stad to dagar tidlegare på Heysel-stadion i Brussel og enda 3-3. Einast 3 208 tilskodarar såg oppgjeret i Brussel, medan 13 924 var til stades i Antwerpen.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Under kampen i Brussel gav Károly Sándor gav MTK leiinga i det 19. minutt, før skåringar av Mascarenhas Silva i det 40. og Ernesto Figueiredo sekundar før pause snudde stillinga i Sportings favør. 27 og 29 minuttar ut i den andre omgangen vende to kjappe nettkjenningar ved István Kuti og førnemnde Sándor stillinga til MTK sin fordel, 3-2. Leiinga varte berre fem minuttar, då gjorde også Figueiredo sitt andre mål for dagen og kampen enda 3-3.

I Antwerpen vart det ikkje meir enn ein mann som makta finne nettmaskane, forsvarsspelaren João Morais avgjorde pokalkampen i det 20. minutt.

Lucien van Nuffel dømde kampen i Brussel, Gérard Versyp i Antwerpen, begge var frå Belgia.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Sporting Lisboa-laget var: Joaquim Carvalho, Pedro Gomes, Alexandre Baptista, José Carlos José, João Morais, Fernando Mendes, Geo Carvalho, Mascarenhas Silva, Osvaldo Silva, Ernesto Figuereido og Bé Bocareli.

MTK Budapest-laget var: Ferenc Kovalik, György Keszei, József Danszky, István Jenei, István Nagy, Ferenc Kovács, Károly Sándor, Mihály Vasas, László Bödör, István Kuti og István Halápi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]