Fieberbrunn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunesenteret i Fieberbunn

Fieberbrunn er ein kommune i distriktet Kitzbühel i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 76,2 km² og i kring 4 300 ibuarar. Landsbyen Fieberbrunn ligg 790 meter over havet.

Dei 19 små og større grendene i kommunen ligg spreidd i eit landskap med bakkar, lauvskog og snaufjell, søraust for Kitzbühel.

Turisme er hovudnæring i Fieberbrunn, ganske særleg vinterturismen.

Skihopparen Andreas Widhölzl og skirennaren Manuel Feller er begge frå Fieberbrunn.

KJelder[endre | endre wikiteksten]