Fiji-hindi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Land der det blir snakka fiji-hindi.

Fiji-hindi eller fijiansk hindi er eit indo-arisk språk som er morsmålet til 313 000 fijianarar av indisk opphav. Språket blir hovudsakleg tala på Fiji, men òg i utvandrarmiljø andre stader i verda.

Språket skil seg mykje frå standard hindi slik det finst i India, og tilhøvet mellom dei to språka kan samanliknast med det mellom nederlandsk og afrikaans. Fiji-hindi er danna av austlege hindidialekter (bhojpuri og awadhi) med mange engelske og fijianske ord. Det har også ein stillehavsaksent.

I nyare tid, på grunn av politiske omveltingar på Fiji, har mange fiji-indarar emigrert til Australia, New Zealand, USA og Canada og teke fiji-hindi med seg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipedia[[::|fiji-hindi]]