Filipino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Filipino
Klassifisering: Austronesisk
 Malayopolynesisk
  Borneofilippinsk
   Mesofilippinsk
    Sentralt filippinsk
     Tagalog
      Filipino
Bruk
Tala i: Flag of the Philippines.svg Filippinane
Filipinotalande i alt: 25 millionar (2007), som tagalog[1]
Normert av: Komisyon sa Wikang Filipino
Språkkodar
ISO 639-2: fil
ISO 639-3: fil

Filipino (tidlegare pilipino) er offisielt språkFilippinane saman med engelsk. Filipino er eit austronesisk språk som hovudsakleg byggjer på tagalog. Lingvistisk er det ein standardisert versjon av tagalog, men de jure er filipino eit separat språk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første filippinske nasjonalforsamlinga oppretta 13. november 1937 ein komité med sju medlemmer som representerte dei ulike regionane i landet. Denne hadde som oppgåve å finna fram til eit nasjonalspråk. Komiteen valde å basera dette på det dominerande språket i landet, tagalog. 30. desember 1937 proklamerte president Manuel L. Quezon at tagalog skulle vera det nasjonale språket eller wikang pambansâ på Filippinene. Dette blei gjort offentleg då Filippinene fekk sjølvstende att frå USA 4. juli 1946.

I 1961 fekk språket namnet «pilipino», som seinare blei endra til «filipino» i 1987. I den filippinske grunnloven av 1987 blei språket anerkjend som nasjonalspråk og definert som offentleg språk saman med engelsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]