Tagalog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tagalog
Klassifisering Austronesisk
 Malayopolynesisk
  Borneofilippinsk
   Mesofilippinsk
    Sentralt filippinsk
     Tagalog
Bruk
Tala i  Filippinane
Tagalogtalande i alt 23 853 200[1]
Språkkodar
ISO 639-1 tl
ISO 639-2 tgl
ISO 639-3 tgl
Wikipedia på tagalog

Tagalog er eit austronesisk språk som er blant dei mest utbreidde på Filippinane. Den standardiserte versjonen av tagalog, filipino, er offisielt språk i landet og blir brukt som lingua franca i øyriket.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ordet «tagalog» kjem frå tagá-ílog som tyder 'elvefolket', av tagá, 'å koma frå', og ílog, 'elv'. Lite er kjent om opphavet til språket, ettersom ingen nedteikningar frå før koloniseringstida har overlevd. Lingvistiske spekulasjonar går ut på at forfedrane til tagalogane og deira sentral-filippinske slektningar opphavleg kom frå nordaustlege Mindanao eller austlege Visayas.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Tagalog er eit sentralt filippinsk språk innan den austronesiske språkfamilien. Det er i nært slektskap med språk brukt i Bicol- og Visayas-regionane som bicol, hiligaynon, waray-waray og cebuano.

Andre språk som har vore med på å forma tagalog er spansk, hokkien, kinesisk, engelsk, malayisk, sanskrit (via malayisk), arabisk (via malaysisk/spansk) og nord-filippinske språk som kapampangan.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Kjerneområdet til tagalog, kalla, Katagalugan, dekkjer det meste av dei sentrale til dei sørlege delane av øya Luzon, og i hovudstaden Manila. Tagalog blir også snakka av dei opphavlege innbyggjarane på øyane Lubang, Marinduque og dei nordaustlege delane av Mindoro.

I 2000 hadde nær 24 millionar menneske tagalog som førstespråk.[1] Rundt 96 % av befolkninga på Filippinanae (folketal 92 millionar) kan snakka språket til ei viss grad.[2]

Det finst også ei rekkje talarar i land filippinarar har utvandra til, som Canada, Guam, Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata, Storbritannia og USA.[1]

Offisiell status[endre | endre wikiteksten]

Den første filippinske nasjonalforsamlinga oppretta 13. november 1937 ein komité med sju medlemmer som representerte dei ulike regionane i landet. Denne hadde som oppgåve å finna fram til eit nasjonalspråk. Komiteen valde å basera dette på det dominerande språket i landet, tagalog. 30. desember 1937 proklamerte president Manuel L. Quezon at tagalog skulle vera det nasjonale språket eller wikang pambansâ på Filippinene. Dette blei gjort offentleg då Filippinene fekk sjølvstende att frå USA 4. juli 1946.

I 1961 fekk språket namnet «pilipino», som seinare blei endra til «filipino» i 1987. I den filippinske grunnloven av 1987 blei språket anerkjend som nasjonalspråk og definert som offentleg språk saman med engelsk.

Tagalog hadde allereie vore brukt i skulane sidan 1940-åra. Det er det einaste språket av totalt 160 språk på Filippinane som blir brukt offisielt i undervising.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Den første kjende boka skriven på tagalog er Doktrina Cristiana frå 1593. Boka var skriven på spansk og i to versjonar på tagalog; ein med baybayin og ein med det latinske alfabetet. Gjennom åra som spansk koloni skreiv spanske prestar fleire ordbøker for tagalog, som Vocabulario de Lengua Tagala (1613), Vokabularia de la lengua tagala (1835) og Arte de la lengua tagala y manual tagalog para la administración de los Santos Sacramentos (1850).

Poeten Francisco «Balagtas» Baltazar (1788–1862) blir gjerne sett på som tagalogs svar på William Shakespeare.[treng kjelde] Hans mest kjente verk frå tidleg på 1800-talet er Florante at Flora.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Ethnologue
  2. «Educational characteristics of the Filipinos». Census.gov.ph. 18. mars 2005. Arkivert frå originalen 27. januar 2008. Henta 7. juni 2012.