Filipstad i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Filipstad frå om lag 1900. Den raude lina er jarnbanen Drammenbanen, som på denne strekninga no berre er ei sidebane som ender på Filipstad som Skøyen–Filipstadlinja.
Noko av kaiområdet på Filipstad fotografert i 2013. I bakgrunnen til høgre ligg Tjuvholmen, som då var under utbygging.

Filipstad er namnet på både ei tidlegare løkke, ein villaeigedom og eit kaiområde i Oslo. Etter planane for den såkalla Fjordbyen som skal byggjast på dei nedlagde hamneområda i Oslo, står kaiområda på Filipstad for tur til å byggjast ut til eit bustads-, kontor- og forretningsstrok.

Ferjekaia på Hjortnes på Filipstad, fotografert i 2009. Gangbrua med dei to tårnliknande pyramidetaka går over Europaveg 18 og oppstillingsområdet for tog ved enden av Skøyen–Filipstadlinja.

Filipstadbukta, som var bukta mellom Tjuvholmen og Munkedamsveien, vart frå 1870-talet fylt att for at det kunne verte bygd kaier her, og utbygginga vart sett i gang i 1909. I desember 1943, altså under andre verdskrigen, vart mykje av bygningar og anna øydelagt av ein kraftig eksplosjon under lossing av ammunisjon frå skipet DS «Selma», som låg ved kai her, den såkalla Filipstadulukka. Meir enn 800 tonn ammunisjon eksploderte og sette fyr på eit lager med kol, mange vart drepne og ei mengd bygningar vart øydelagde av eksplosjonen og av brannar.

På Hjortneskaia på Filipstad ligg ferjekaia for bilferjesambandet Oslo – Kiel i Tyskland, og det er meininga at kaia framleis skal liggje på Filipstad etter utbygginga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Filipstad i Oslo