Skøyen–Filipstadlinja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skøyen–Filipstadlinja
Oslo Vestbanestasjon with El 1.jpeg
Info
Type Jernbane
System Elektrifisert bane
Utgangsstasjon Skøyen stasjon
Endestasjon Filipstad
Drift
Opna 1872
Eigar Jernbaneverket
Teknisk
Lengde 2 km
Lengde dobbeltspor 2 km
Den dobbelspora lina frå Filipstad til venstre på fotografiet møter den dobbelspora lina som kjem ut or OslotunnelenSkøyen. Fotografiet er teke i retning mot Skøyen stasjon.
Filipstad med endestasjonen for Skøyen-Filipstadlinja.
Skarpsno stasjon var ein stasjon på den strekninga av Drammensbanen som har vorte til Skøyen-Filipstadlinja. Det er ikkje noko att av denne stasjonen.

Skøyen-Filipstadlinja er ei dobbeltspora, elektrifisert jernbanestrekning på om lag to kilometer frå Skøyen stasjonSkøyen i Oslo til Filipstad i Oslo som berre vert nytta for lokaltog som skal stå på Jernbaneverket sin driftsbanegård medan dei er ute av bruk i tider med liten trafikk, eller er til vedlikehald ved NSB trafikkservice AS, som vedlikeheld tog-materiell, primært tog frå morselskapet NSB.

Skøyen-Filipstadlinjen var opphavlig ein del av Drammenbanen. Strekninga vart opna i 1872. Då Oslotunnelen opna i 1980 vart størstedelen av trafikken flytta frå Vestbanen til Oslo S, men nokre avgangar gjekk frå Oslo V fram til ruteskiftet i 1989. Linja hadde deretter ingen persontrafikk, men vart ei tid trafikert av godstog som skulle til og frå den dåverande containerhamna på Filipstad, som seinare vart lagd ned. Strekninga mellom Filipstad og Vestbanestasjonen vart lagt ned, og spora vart reve tidleg på 1990-talet.

Oppstallingsarealet for lokaltog på Filipstad ligg der godsstasjonen for Oslo Vestbanestasjon låg tidlegare. På arealet for den siste stutte strekninga herifrå og gjennom ei fjellskjering fram til det området der sjølve Vestbanestasjonen låg, der den gamle banen vart fjerna på 1990-talet, er det bygd ein rad med bustadblokker med garasjar for personbilar i den gamle fjellskjeringa under dei.

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Teiknforklaring
BSicon LSTR.svg Drammenbanen frå Lysaker
BSicon BHF.svg 3,38 km Skøyen stasjon (1872)
BSicon eABZg+lr.svg 3,00 km Skabo jernbanevognfabrik (fra venstre)
Thunes mekaniske verksted (fra høyre)
BSicon d.svgBSicon dWgl.svgBSicon dX+r.svg
BSicon d.svgBSicon dSTR.svgBSicon tdSTRa.svg Oslotunnelen til Oslo S
BSicon SKRZ-Eu.svg Bygdøy allé
BSicon SKRZ-G1u.svg gangbru Olav Kyrres gate
BSicon SBRÜCKE.svg Frøyas gate
BSicon eBHF.svg 1,90 km Skarpsno stasjon (1882-1973)
BSicon SKRZ-G1o.svg undergang Skarpsnoparken
BSicon exSTRrg.svgBSicon eABZrf.svgBSicon .svg
BSicon exSTR.svgBSicon SKRZ-G1u.svgBSicon .svg gangbru Skillebekk–Framnes
BSicon exDST.svgBSicon STR.svgBSicon .svg Filipstadkaia
BSicon exSTR.svgBSicon KDSTxe.svgBSicon .svg 1,58 km Filipstad (1989)
BSicon exABZrg.svgBSicon exABZrf.svgBSicon .svg
BSicon exSTR.svgBSicon exKBHFe.svgBSicon .svg 0,00 km Oslo V (1872 - 1989)
BSicon exLSTR.svgBSicon .svgBSicon .svg Havnebanen (nedlagt og fjerna)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]