Fillfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fillfjorden er ein fjord i Hitra kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 7,5 km vestover til Valen sør for Fillan, som fjorden er kalla opp etter. Fjorden ligg på sørsida av Fjellværsøya og går først vestover mot Fillan før han deler seg i to. Ein del går sørover og endar opp ved Valen, medan den andre går nordover til Frøyfjorden.

Fjorden har innløp mellom Reitholmen i nord og Kroppen i sør. Grenda Transvikan ligg på sørsida av fjorden, før han svingar sørover. Ansnes ligg på vestsida av fjorden eit stykke nord for Fillan.

Riksveg 714 går langs vestsida av fjorden, medan Fv342 går på sørsida.


Koordinatar: 63°36′24.880″N 9°1′30.968″E