1992-filmen Aladdin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Filmen Aladdin (1992))
Hopp til navigering Hopp til søk
Aladdin
Aladdin-logo-2.svg
OpphavslandUSA
RegissørRon Clements
John Musker
ProdusentRon Clements
John Musker
ManusRon Clements
John Musker
Ted Elliott
Terry Rossio
MusikkAlan Menken
FilmselskapWalt Disney Pictures
Walt Disney Feature Animation
Utgjevingsår1992
Lengd90 min.
Budsjett28 millionar USD

Aladdin er ein amerikansk animert musikk-fantasyfilm frå 1992, produsert av Walt Disney Feature Animation og utgjeve av Walt Disney Pictures. Filmen er den trettiførste animerte langfilmen frå Disney og den fjerde som var produsert i tiåret kjent som Disney-renessansen, som varte frå 1989 til 1999. Aladdin var produsert og regissert av Ron Clements og John Musker,[1] og er basert på det arabiske folkeeventyret under same namn frå eventyrsamlinga Tusen og ei natt.

Stemmeskodespelarane i den engelskspråklege utgåva av filmen er mellom andre Scott Weinger, Robin Williams, Linda Larkin, Jonathan Freeman, Frank Welker, Gilbert Gottfried og Douglas Seale. Filmen følgjer Aladdin, ein arabisk gategut, som finn ei magisk lampe som inneheld ein ånd. For å gøyme lampa frå storvisiren kler han seg ut som ein velståande prins, og prøver å imponere sultanen og dottera hans.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: 1992-filmen Aladdin